Studieretningen tar ikke opp nye studenter

Undervisning og eksamen

Undervisning og læringsformer

I løpet av studiet vil du møte undervisningsformer som forelesing, seminar og grupper der de går gjennom pensum og øver på munnlege, skriftlege og andre ferdigheiter. Undervisningsformene seminar og gruppe går ut frå aktiv deltaking frå studentane. Ofte må obligatoriske aktivitetar, til dømes i form av innleveringar, munnlege presentasjonar eller testar, verte godkjende før du kan gå opp til eksamen. Undervisninga vil normalt berre utgjere ein mindre del av den tida ein ventar at du vil bruke på studiet. Ditt eiga arbeid med emnet vil mellom anna omfatte lesing av pensum og forarbeid til undervisninga og etterarbeid som følgjer. Det er ein god idé å danne kollokviegrupper med medstudentar der de har ordskifte om innhaldet i pensum og undervisning. Gå til presentasjonen av dei enkelte emna for å sjå korleis undervisninga er organisert.

Undervisningsspråk

Sjå kvart enkelt emne for informasjon.

Undervisningssted

Universitetet i Oslo

Eksamens- og vurderingsformer

Vurdering/eksamen er dei prøver som dannar grunnlag for å fastsetje karakteren (A-F eller bestått/ikkje bestått). Prøvene kan vere munnlege eller skriftlege. Eksempel på munnlege vurderingsformer er munnleg eksamen eller prøveforelesing. Eksempel på skriftlege vurderingsformer er semesteroppgåve eller mappe som du arbeider med over fleire veker gjennom semesteret, eller heimeeksamen over tre dagar eller skuleeksamen mot slutten av semesteret. Ei mappe består av minst to arbeid/prøver. Gå til presentasjonen av dei enkelte emna for å sjå kva for vurderingsform som er brukt.

Eksamensspråk

Sjå kvart enkelt emne for informasjon.

Karaktersystem

I studieretninga inngår jamvel emner som nytter karakterskalaen bestått/ikkje bestått og emner som nytter den graderte karakterskalaen med fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått, jf. § 6.1 i Forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo. Gå til presentasjonen av dei enkelte emna for å sjå kva for vurderingsform som er brukt.

Publisert 6. juni 2012 10:00 - Sist endret 6. juni 2012 14:33