eValg3

Den 11. desember 2019 vart evalg.uio.no oppgradert til ei heilt ny valløysing.

Kva er nytt for meg som velgar?

Som velgar vil du sjå ei ny og moderne løysing, som er bedre tilpassa moderne nettlesarar, mobilar og andre visningsflater.

Kva er nytt for meg som administrerer val?

Valprosessen og valreglementet er uendra - det er berre den tekniske løysinga for gjennomføring av val som er oppgradert.

I praksis er den største endringa at valløysinga er mykje enklare å bruke, og er meint å vere sjølvbetjent. Du treng med andre ord ikkje bistand frå USIT for å gjennomføre val.

Som valadministratorar har du fått eit moderne grensesnitt, som blant anna:

  • Gir ein stegvis prosess for å opprette, gjennomføre og telle opp eit val.
  • Opptellinga av val kan du gjennomføre i nettlesaren, og ikkje lenger i ein eigen applikasjon med tidkrevande oppsett.
  • Har du fleire samtidige val til samme styret, kan du behandle dei samtidig. Så slepp du repeterande oppgåver.
  • Valnøkkelen, altså koden som valstyret treng for å telle opp valet, er gjort om frå papirkonvolutt til passordfil. Valstyret må ta godt vare på denne nøkkelen.

Anna relevant

Nye eValg 3 støtter per desember 2019 ikkje andre typar val enn til enhetane på UiO. Andre typar val, som listeval, må enn så lenge gjennomførast i den gamle løysinga. Den gamle løysinga er tilgjengeleg på valg2.uio.no.

Publisert 10. des. 2019 14:24 - Sist endret 28. jan. 2021 13:20