Om pilot av ny valløysing i 2019

Hausten 2019 vil enkelte institutt og fakultet køyre sitt val i pilot i ei heilt ny valløysing. Piloten køyrer på valg-pilot.uio.no.

Den praktiske skilnaden for deg som veljar, er berre at valet er tilgjengeleg på valg-pilot.uio.no, og ikkje på valg.uio.no.

Oppdatert: Piloten er gjennomførd, og ny løysing tek/tok over valg.uio.no 11. desember 2019.Gamal løysing er tilgjengeleg på valg2.uio.no.

Kvifor ein pilot?

Val må gjennomførast korrekt, etterretteleg og truverdig. Den nye versjonen av eValg er ei heilt ny løysing, som er ulik frå dagens løysing, spesielt for valadministratorar. UiO ønsker difor å køyre den i ein kontrollert pilot før vi let alle få gjennomføre val i den.

Sentralt Valstyre vil etter evalueringa av piloten, vurdere om valg.uio.no kan oppgraderast til ny versjon av eValg.

Kven er i pilot?

Dei som køyrer sine val i piloten:

  • HF/IKOS, val av midlertidig, vitskaplege ansatte til instituttstyret. Valet opner rundt 23. september.
  • Juridisk fakultet sitt val av dekanat. Sjå sidene Valg ved det juridiske fakultet for meir informasjon.
  • HF, val av midlertidig, vitskaplege ansatte og studentar til fakultetsstyret. Sjå sidene til HF om valg for meir informasjon.

Har du brukarkonto på UiO har du tilgang til den nye løysinga. Gå gjerne innom for å gjere deg kjend. Vent likevel med å gjennomføre ekte val i ny løysing til etter piloten.

Kva er nytt?

Valprosessen og valreglementet er uendra - det er berre den tekniske løysinga for gjennomføring av val som er oppgradert.

For veljarane er den nye løysinga mobiltilpassa, og bruker ny funksjonalitet som er tilgjengeleg i moderne nettlesarar.

Valadministratorar har også fått eit moderne grensesnitt, som blant anna:

  • Gir ein stegvis prosess for å opprette, gjennomføre og telle opp eit val.
  • Slår saman fleire val til samme styret, til ei valgruppe, for å forenkle oppsettet.
  • Valnøkkelen, altså koden som valstyret treng for å telle opp valet, er gjort om frå papirkonvolutt til passordfil. Valstyret må ta godt vare på denne nøkkelen.

Er det trygt?

USIT og Avdeling for personalstøtte (AP) bistår valarrangørane gjennom heile valprosessen i piloten.

Sikkerhetsvurderingane er dei samme som i dagens løysing. Til dømes vert alle stemmesedlar framleis krypterte på ein måte som gjer at eValg og USIT ikkje kan vite kva folk har stemd.

Piloten evaluerast, og det er til slutt Sentralt Valstyre som vil godkjenne om nye eValg kan ta over for dagens løysing.

Publisert 21. aug. 2019 14:54 - Sist endret 10. des. 2019 14:21