Passordtryggleik ved UiO

Onsdag denne veka blussa det opp ei gamal passordsak i Aftenposten. Denne saka vart det rapportert om for eit år sidan, og vi er difor ikkje i faresona.

Ved UiO har vi god passordtryggleik, sikre system og gode reglar for handtering av passord. Nettopp desse reglane, som seier at vi alle er nøydde til å bytte passord ein gang i året, reddar oss frå slike lekkasjar som Aftenposten melder om.

Ver trygg – også som privatperson

Sjølv om UiO har gode passordrutinar og sikre system, vil vi også minne deg om at du, som privatperson, bør vere forsiktig og ha god tryggleik i dei tenestane og programma du bruker, også utanfor UiO.

Med god tryggleik meiner vi for eksempel at du ikkje bruker det samme passordet fleire stader,  at du bør bytte minst ei gang i året. Du bør heller ikkje bruke passord som er enkle å gjette seg til (bursdagar, namn, osv.).

Unngå å bli eit offer på nett

Tidlegare i år skreiv NRK nokre gode råd om korleis du unngår å bli eit offer på nett (nrk.no). Her beskriv dei blant anna korleis du sjølv kan bruke nettstaden "Have I been pnwed" for å sjekke om nokre av dine brukarnamn har komme på avvegar i kjente tryggleiksbrot.

For å lære meir om passord og handtering av passord, sjekk ut desse lenkene:

Publisert 8. okt. 2018 07:37 - Sist endret 6. nov. 2018 11:55