Automatisk oppdatering av din kalender

Studerer du, held forelesingar eller gruppeundervising på UiO? I så fall vil du snart få dette automatisk inn i din UiO-kalender.

Skjermskot frå kalender med automatiske kalenderhendingar frå Kalenderdata

UiO har utvikla samhandling, eller ein integrasjon, mellom Felles Studentsystem (FS), Timeplanlegging (TP) og Exchange. Vi kallar integresjonen Kalenderdata, og han gjer at du får opp dine forelesingar i kalenderen du ser i Outlook, Apple Mail, Thunderbird og andre e-post- og kalenderprogram. Dette skjer automatisk, og det er ikkje noko du treng å gjere for å få det.

Kalenderdata vart utvikla for å forenkle kvardagen for fagpersonar og studentar. Du slepp å måtte legge inn dine forelesingar manuelt i kalenderen din, og det vert enklare for andre å sjå i kalenderen når du er opptatt.

Sjå meir detaljar på informasjonssida til Kalenderdata.

Skjermskot av ei automatisk kalenderhending
Publisert 27. mars 2020 14:27 - Sist endret 27. mars 2020 14:27