2019-09-11 E-postadresser endrast i Feide, weblogin, persontreet og AD

Onsdag 11. september 2019, kl 17:00, endrer vi mail-attributtet for alle brukarkontoar i UiO sin personkatalog (persontreet i LDAP) og Active Directory. Dette påvirker spesielt Feide og weblogin.

Alle e-postadresser i katalogen vil etter endringa vere på formatet "brukarnamn@uio.no".

Merk: Vi endrer ikkje folk si primære e-postadresse.

Oppdatering: Endringen er nå gjennomført.

Kva vert endra?

Alle brukarkontoar med e-postkonto på UiO får endra sitt mail-attributt i persontreet i UiO sin LDAP-katalog, frå si primære e-postadresse til adressa med formatet "brukarnamn@uio.no". Dette er data som brukast av blant anna pålogginga i Feide og weblogin.

Den samme endringa vil også skje i Active Directory - for alle brukarkontoar i OU=Users,OU=Cerebrum,DC=uio,DC=no.

Til dømes vil brukaren jokim få endra sitt mail-attributt frå "joakim.hovlandsvag@usit.uio.no" til "jokim@uio.no".

I persontreet i LDAP (cn=people,dc=uio,dc=no) såg det tidlegare ut som:

mail: joakim.hovlandsvag@usit.uio.no

Dette vert endra til:

mail: jokim@uio.no

Alle tenester med pålogging via Feide eller weblogin som har tilgang på e-postadresser, vil få e-postadressa på dette formatet.

Endringa krever ikkje nedetid for Feide og weblogin. LDAP-tenarane vil kunne trenge ein kort restart, så langvarige LDAP-tilkoblingar vil kunne oppleve "hikke" og må koble til på nytt. LDAP-katalogen vil få oppdatert alle sine mail-attributt rundt kl 17:00, så alle som logger på rundt dette tidspunktet vil få med seg ny e-postadresse. Oppdateringa av AD vil trenge lenger tid, og starter noko før kl 17. Enkelte tenester kan trenge ei nedetid - sjå eigne driftsmeldingar for desse.

Kven vert påvirka?

Alle tenester som bruker pålogging frå Feide, weblogin og AD vil få tilsendt ei e-postadresse på nytt format i alle påloggingar etter endringa.

Alle tenester som slår opp og henter e-postadresser frå persontreet på ldap.uio.no og AD vil få nye e-postadresser.

Sluttbrukarar skal i utgangspunktet ikkje merke til denne endringa, med mindre dei kjem til ei teneste som ikkje handterer endra e-postadresser.

Kva må eg gjere?

Som tenesteeigar har du ansvar for å sjekke at di teneste handterer denne endringa. Kontakt oss på cerebrum-kontakt@usit.uio.no om du er i tvil, helst innan 22. august.

For dei fleste tenester vil denne endringa gå av seg sjølv. Enkelte tenester treng å migrerast, til dømes for å sikre at brukarkontoar vert riktig identifisert i etterkant. Liste over alle brukarkontoar sine gamle og nye e-postadresser er lagt ut på:

app.uio.no/usit/cerebrum/mail_changes.csv [CSV]

Fila oppdaterast nattleg kl 05:00, og er berre tilgjengeleg for IT-personell på UiO. Sei frå om du treng tilgang.

Tenester som bruker LDAP kan allereie no teste endringa med å koble til ldap-test.uio.no, som er oppdatert med endringa. Sjå meir detaljar i eiga driftsmelding om endringane i LDAP.

Om di teneste har behov for nedetid ved migrasjonen, anbefaler vi at du legg ut ei eiga driftsmelding om dette, og vurderer behovet for å varsle eigne sluttbrukarar.

Kontakt oss på cerebrum-kontakt@usit.uio.no om du treng meir migrasjonsdata, andre tiltak, eller har andre spørsmål.

Kvifor gjer vi dette?

Fleire og fleire nye tenester, spesielt skytenester, bruker e-postadresse som unik identifikator i staden for brukarnamn. På UiO bytter du di primær e-postadresse automatisk etter kva enhet du er aktiv på, som gjer at dei også vil bytte identifikator i desse nye tenestene. Dette skaper ekstraarbeid, både for sluttbrukarane og IT-personell.

Ved å bytte til ei meir stabil e-postadresse, som baserer seg på ditt brukarnamn, vil vi redusere ekstraarbeidet med tenester som bruker e-postadressa som identifikator. Den nye adressa er både ei gyldig e-postadresse, og er også identisk med personen sin Feide-ID.

Merk: Vi endrer ikkje di primære e-postadresse. Vi endrer berre kva e-postadresse du får publisert i UiO sin katalog. E-post du sender ut vil framleis ha samme avsendaradressa som før.

Kontaktpunkt

  • Tenesteeigarar kan ta kontakt med cerebrum-kontakt@usit.uio.no.
  • Sluttbrukarar må ta kontakt med den enkelte tenesta som dei har problem med pålogging hos.
Publisert 24. juli 2019 22:19 - Sist endret 11. sep. 2019 17:09