Flytting av brukarar sine heimeområder

Lokal IT-ansvarleg ved ein enhet har rettigheter til å vedlikeholde brukarar med heimeområde på diskområder som tilhøyrer enheten. Dersom ein brukar får ny tilhørighet ved universitetet må ein få flytta heimeområdet til brukaren over til ein disk som den nye enheten disponerer.

Det er to sentrale definisjonar som brukast vidare i denne artikkelen:

  • Avsendar: Lokal IT-ansvarlig ved enheten som ein brukar skal flytte frå.
  • Mottakar: Lokal IT-ansvarlig ved enheten som ein brukar skal flytte til.

Brukarflytting kan skje på forskjellige måtar, bl.a. er typen flytting avhengig av kven som disponerer frå- og til-diskane. Flyttinga gjerast med kommandoen user move der første argumentet er typen flytting. Ved å skrive inn ? (spørsmålsteikn) når du blir bedt om Enter move type får du opp lista over alle typane.

Når avsendar og mottakar er samme enhet

Når ein enhet disponerer både frå- og til-disken brukaren skal flyttast mellom, kan lokal IT-ansvarleg flytte brukaren direkte:

jbofh> user move batch brukarnavn /nytt/disk/område
Move queued for execution at <dato og klokkeslett>

Brukarflyttinga vert no lagt i kø for flytting samme kveld etter kl 22:00.

Flytte ansatt til studentdisk

Når ein ansattbrukar er blitt studentbrukar kan avsendar-enheten flytte brukaren til ein studentdisk ved å køyre:

jbofh> user move student brukarnavn
student-move queued for execution at <dato og klokkeslett>

Brukaren vert no lagt i kø for flytting samme kveld etter kl 22:00. Legg merke til at brukaren må vere student, hvis ikkje vil ikkje flyttinga bli utført.

Rutine for brukarflytting mellom enheter

Når mottakaren berre har tilgang til til-disken, treng ein å samarbeide med avsendaren.

  1. Mottakar ber om å få flytta brukaren:
    jbofh> user move request brukarnavn /nytt/disk/område "Forklaring på kvifor brukaren skal flyttast"
  2. Mottakar tek kontakt med avsendar for å be dei om å flytte brukaren.
    • Mottakar kan bruke kommandoen access user brukarnavn for å sjå gruppene som har tilgang til frå-disken til brukaren.
    • Om du ikkje finn ut av kven du skal kontakte kan du be houston[at]usit.uio.no om hjelp.
  3. Avsendaren sjekkar og godkjenner flyttinga ved å køyre:
    jbofh> user move confirm brukarnavn
    move queued for execution at <dato og klokkeslett>
    
  4. Mottakar må ta kontakt med brukaren for å advare om flyttinga.

For å få ei oversikt over førespurnadar til brukarflytting kan du køyre misc_list_request, les meir under oversikt over brukarflyttingar.

Umiddelbar brukarflytting

Om du disponerer både til- og frå-disken kan du flytte brukaren umiddelbart ved å køyre:

jbofh> user move immediate brukarnavn /nytt/disk/område

Dette gjer at flyttinga startar etter kort tid (som regel etter 5 minutt).

Brukarar som flyttast umiddelbart må få beskjed om dette i forkant så dei får logga ut. Om brukaren er pålogga kan data som ikkje er lagra gå tapt under flyttinga.

Dersom brukaren er i karantene veit du at han ikkje er pålogga.

Angre brukarflytting

Ved feil kan du bruke kommandoen user move cancel brukarnavn for å stoppe flyttinga av ein brukar. Dei fleste flytteoperasjonane skjer kl 22:00 samme dag, men legg merke til at user move immediate startar innan dei neste 5 minutta. Du kan ikkje angre på ei flytting som allereie er starta eller utført, då må du i staden flytte brukaren tilbake med ein ny user move-kommando.

Oversikt over brukarflyttingar

Alle brukarflyttingar vert lagt i ei kø til utføring ved eit seinare tidspunkt. Du kan få oversikt over desse køene ved å bruke kommandoen misc list_requests. For å sjå om ein brukar ligg i ei kø for flytting kan du køyre:

jbofh> misc list_requests account brukarnavn

For å sjå alle førespurnadane ein viss brukar har spurd etter (dvs. den som har køyrd user move request) kan du køyre:

jbofh> misc list_requests requestee brukarnavn

Kommandoen har fleire opsjonar, så fyll inn '?' når du blir bedt om Enter type to search by for å sjå alle mogleikane.

Du kan til dømes få ei liste over alle flyttingar av ein viss type ved å køyre:

jbofh> misc list_requests operation flyttetypen
Publisert 5. mai 2010 13:00 - Sist endret 29. mai 2010 16:44