Gjestebrukarar

For gjestar som skal vere innom UiO for ein kort periode, til dømes gjesteforelesarar eller deltakarar ved konferanser eller kurs, kan ein hente ut miderlidige brukarar, gjestebrukarar, frå bofh. Gjestebrukarar kan hentast ut av lokal IT og kan brukast med ein gang, men varer maksimalt i ein periode på 14 dagar. Gjestebrukarar får ikkje e-postkonto, og kan heller ikkje logge inn gjennom Feide.

Informer gjestebrukaren om at gjestebrukarkontoen vert automatisk avvikla og sperra etter ein viss periode.

Dersom ein person treng tilgang til UiO sine IT-tenester i over to veker, eller skal seinare tilbake til UiO og treng tilgang til IT-tenester er det bedre å registrere personen som ein tilknytta person i SAPUiO. Dette gjer at brukaren vert registrert korrekt i eit kildesystem, og får då beholde ein brukarkonto i ein lenger periode før det er behov for ei ny registrering. Tilknytta personar får tilgang til IT-tenester som vanlege brukarar ved UiO.

Administrering av gjestebrukarar

  • Gjestebrukarar hentast ut i bofh med kommandoen:
    jbofh> user request_guest <antal brukarar>  <slutt-dato> <enheten si driftsgruppe>
    Ein vil då få i retur ei liste over gjestebrukarar som er klar til bruk. Passord for gjestebrukarane kan skrivast ut på vanleg måte med misc list_password.

    Argumenta betyr:
    • Antal brukarar: kor mange brukarar du vil ta ut i slengen.
    • Slutt-dato: datoen då gjestebrukaren vil bli sperra. Denne kan settast maksimalt 14 dagar fram i tid.
    • Enheten si driftsgruppe: driftsgruppa som har ansvar for og kan administrere gjestebrukaren/-ane.
  • For å frigi ein gjestebrukar kan ein i bofh køyre:
    jbofh> user release_guest <guest/range>
  • For å liste ut alle gjestebrukarar ei gruppe har:
    jbofh> user guests <eigargruppa>
    Eigargruppa er som oftast enheten si driftsgruppe.
  • For status på antal ledige gjestebrukarar:
    jbofh> user guests_status

Livsløpet til ein gjestebrukar

  1. Lokal IT ber om ein gjestebrukar, og kan administrere den som ein vanleg brukar.
  2. Ved slutt-datoen for gjestebrukaren vil karantena guest_release bli aktivert og gjesten kan ikkje lenger benytte brukarkontoen. I løpet av denne dagen kan ein få brukeradministrasjonen til å midlertidig oppheve karantena, så ein har mulighet for å få henta ut backupen sjølv.
  3. Samme kveld som karantena for gjestebrukaren vart aktivert vil brukaren bli avvikla. Heimeområdet vert fjerna, og brukaren vil bli meldt ut av eventuelle grupper. Dersom ein treng å få ut backup av heimeområdet er no restore[krøll]usit.uio.no riktig kontaktpunkt.
  4. Etter at gjestebrukaren er avvikla vil den vere sperra i 3 veker, av hensyn til backup.
  5. 3 veker etter avvikling vert backupen fjerna, og gjestebrukaren er igjen ledig for å hentast ut av lokal IT.

 

Publisert 5. mai 2010 10:46 - Sist endret 26. jan. 2012 21:40