Opprette grupper

Om du vil opprette ei gruppe i UiO sine sentrale IT-system, må du bestille gruppa i bofh eller Brukerinfo. Brukaradministrasjonen ved UiO oppretter då gruppa om den følger retningslinjene for grupper ved UiO.

Ikkje send e-post for å få oppretta ei gruppe. Bruk heller Brukerinfo, eller kommandoen group request i bofh.

Retningslinjer for oppretting av grupper

  • Bruk heller automatiske grupper, dersom desse kan dekke ditt behov nokonlunde. Desse har automatisk vedlikehald av medlemskap. Om det ikkje finnast automatiske grupper som dekker ditt behov, kan du sende ein førespurnad om dette til cerebrum-kontakt@usit.uio.no så kan det evt. utviklast.
  • Grupper må ha eit tydeleg behov for UiO-retta arbeid.
  • Beskrivinga av ei gruppe må vere gitt, og skal forklare kva gruppa skal brukast til. Forklaringa skal formulerast så den er forståeleg for alle som jobber med IT ved UiO.
  • Moderatorgruppa bør vere ei gruppe som ligg organisatorisk over gruppa som skal opprettast, evt. vere ei driftsgruppe for enheten gruppa skal brukast ved. Ei gruppe skal ikkje moderere seg sjølv.
  • Spreads bestemmer i kva IT-system gruppa skal vere synleg. I tabellen nederst på sida Opprette grupper i Brukerinfo finn du forklaring på dei forskjellege alternativa.

Gruppenavn

  • Gruppenavn skal gjenspeile kva gruppa skal brukast til, og vere så sjølvforklarande som mogleg.
  • Gruppenavn bør ha tilhøyrighet som prefiks. Til dømes vil MatNat ha grupper som starter på "mn", medan Fysisk institutt har prefikset "fys".
  • Gruppenavn kan ikkje kollidere med eksisterande brukarnavn. Unntaket er personlege filgrupper - sjå lenger ned for informasjon om dette.
  • Merk at NIS (spread: NIS_fg@uio og NIS_fg@ifi) endrer oppførsel om gruppenamnet er lenger enn 8 teikn. Gruppenamnet vil då bli representert som GID og ikkje namnet.

Ulike typer grupper

  • Automatiske grupper vedlikeheld gruppemedlemskap automatisk basert på andre typer data. Til dømes ansatt-grupper som inneheld alle som SAPUiO seier har ei stilling på enheten - når dette endrast i SAPUiO endrast også gruppemedlemskapet.
  • Driftsgrupper med utvida rettigheter for brukaradministrering skal ikkje bli moderert av andre enn driftshierarkiet og brukeradministrasjonen sentralt.

Oppretting i Brukerinfo

Les Opprette grupper i Brukerinfo om du treng veiledning. Nederst på sida finn du informasjon om kva system gruppa skal vere kjend i for forskjellige formål.

Oppretting i bofh

For å få oppretta ei gruppe brukar ein kommandoen group request som ber om alle detaljar brukaradministrasjonen treng for å avgjere om gruppa kan opprettast. Døme:

jbofh> group request
Enter the new group name >sv-adm
Enter description >SV administratorer
Enter spread. Example: AD_group NIS_fg@uio >AD_group NIS_fg@uio
Enter the name of the moderator group >sv-drift
Request sent to brukeradministrasjon[at]usit.uio.no

Førespurnaden vert no sent til brukeradministrasjonen, som behandler saka og gir deg tilbakemelding via e-post.

Personleg filgruppe

Ei personleg filgruppe er ei gruppe med samme namn som ditt brukarnamn, og som du sjølv kan moderere. Gruppa settast som gruppeeigar av dine filer. Alle kan opprette dette i bofh og Brukerinfo, men lokal IT kan også bistå. I bofh gjer du det med kommandoen group personal. Døme:

jbofh> group personal
Enter account name >olano
Personal group created and made primary, POSIX gid: 123456
The user may have to wait a minute, then restart bofh to access
the 'group add' command
Publisert 5. mai 2010 11:06 - Sist endret 5. okt. 2017 13:10