Søk i grupper

Finne medlemskap til ein brukar/person/gruppe

For å finne ut kva grupper ein brukar, person eller ei gruppe er medlem i kan du bruke kommandoen group membershipstype namn, der type er account, person eller group og namn er gruppe- eller brukarnavnet. Døme:

jbofh> group memberships account fridaf
Operation Group
union     tramteateret
union     svstud
union     fridaf

Merk at det er også mogeleg å avgrense utlistinga på spread. Legg til spread som ekstra parameter. Døme:

jbofh> group memberships account fridaf NIS_fg@uio
Operation Group
union     svstud
union     fridaf

som då lister ut alle grupper som har NIS_fg@uio-spread.

Finne alle medlem av ei gruppe

Kommandoen group list lister ut alle direkte medlem av ei gruppe, mens group list_expanded lister opp både direkte medlem og medlem som tilhøyrer undergrupper i gruppa.

Finne moderator av ei gruppe

Kommandoen group info gruppenamn lister blant anna opp "Moderator:" som viser alle som er moderator for den spesifikke gruppa. Dette kan ein også sjå med kommandoen access list.

Publisert 3. mars 2010 11:49 - Sist endret 27. mai 2010 09:29