Studentautomatikk

IT-tilgang for studentar ved Universitetet i Oslo behandlast av automatiserte rutiner, kalla studentautomatikken. Studentautomatikken sørger for at studentbrukarane blir automatisk vedlikeholdt ut frå registreringane av studentane i studentregisteret Felles Studentsystem (FS).

Nye studentar får automatisk ein studentbrukar, eit skifte i studieprogram endrar på rettighetane til studentbrukaren, og etter ferdige studier vert studentbrukaren automatisk avvikla. Studentbrukarar skal altså ikkje vedlikehaldast i bofh, men handterast av studentautomatikken.

Nattlege oppdateringar

Kvar natt skjer det ei synkronisering mellom FS og Cerebrum av ein del informasjon om studentane ved UiO. Ut frå denne oppdateringa endrar Cerebrum eventuelt på IT-tilgangen til studentbrukarane, til dømes vil studentar som endrar studieprogram få tilgangar avhengig av det nye programmet.

Nye studentbrukarar

Studentautomatikken opprettar automatisk studentbrukarar til nye studentar ved UiO og sender ut eit brev med brukarnavn og passord som kan benyttast til å semesterregistrere seg via Studweb. Når studenten har bekrefta utdanningsplanen og betalt semesteravgift får studentbrukaren automatisk tilgang til IT-tenestene ved UiO. Sjå oppretting av studentbrukarar for meir informasjon.

Endringar av studentbrukarar

Studentautomatikken endrar på studentbrukarane etter kva status dei har som student. Dersom ein student til dømes bytter fakultet vil automatikken melde brukaren ut og inn av grupper, samt opprette ei ny e-post-adresse i riktig domene og meir, avhengig kva fakulteta har fastsatt. Desse innstillingane skal ikkje overstyrast manuelt, då dei vil bli overskreve neste natt. Sjå konfigurering for meir informasjon.

Inaktive studentbrukarar vert også automatisk sperra ein gang i semesteret. Sjå meir informasjon om dette under sperring av studentbrukarar.

Meir informasjon eller spørsmål

Spørsmål rundt studentautomatikken kan sendast til studit-core@usit.uio.no. Merk at denne adressa ikkje skal benyttast av studentar, då desse skal ta kontakt med studieinformasjonen ved sitt fakultet.

Ved spørsmål rundt ein konkret student, må du oppgi brukarnavnet eller entitets-id til studentbrukaren så vi kan identifisere vedkommande.

Publisert 5. mai 2010 13:03 - Sist endret 7. feb. 2011 15:19