Studentkonfigurering

Kvar natt oppdaterer studentautomatikken studentbrukarane i henhold til ei konfigurasjonsfil kalla studconfig.xml. Denne fila bestemmer kva rettigheter dei forskjellige studentgruppene skal ha, kva grupper studentar skal vere i, om det skal settast diskkvoter og utskriftsbegrensingar og alt anna som studentautomatikken behandlar.

Endringar på studentbrukarar skal ikkje gjerast manuelt. Sidan den nattlege oppdateringa overstyrer manuelle innstillingar, vil ei manuell endring bli overstyrd natta etter. Dette fører til at ein studentbrukar vil berre få ei midlertidig retting av feilen sin, som igjen fører til meir frustrasjon.

Ikkje sett innstillingar på studentbrukarar manuelt. Desse vil bli overstyrd av den nattlege oppdateringa.

Korleis endre på konfigureringa av studentautomatikken

Det er USIT som administrerer konfigurasjonsfila for studentautomatikken, men det er dei lokale IT-ansvarlege som bestemmer kva som skal stå i den. Dersom ein ønsker endringar i studentautomatikken må ein kontakte studit-core[at]usit.uio.no.

 

Publisert 5. mai 2010 13:04 - Sist endret 10. juni 2010 09:21