Oppretting av studentbrukarar

Kva skjer i prosessen frå ein person får tilgang til studier ved UiO, til studenten får oppretta ein brukarkonto.

Det er forskjellige typar studentar, som behandlast litt ulikt i opprettingsprosessen. Skilnadane beskrivast vidare.

Opptaksstudentar

Studentar som følger vanleg opptak får ein brukarkonto når dei får studierett, og tidlegast 14 dagar før studiestart. Dette er prosessen dei fleste studentar går gjennom.

Prosessen for opprettinga av studentar er:

  1. Studenten takkar ja til tilbud om opptak til studier ved Universitetet i Oslo.
  2. Samordna Opptak (SO) sender informasjon om studenten til Felles Studentsystem (FS) ved UiO.
  3. Studieavdelinga oppretter jamnleg studierett for nye personar med opptak.
  4. Natta etter at personen har fått studierett i FS vert denne informasjonen overført til Cerebrum. Krava til kven som importerast er forskjellig etter typen student, men for vanlege opptaksstudentar er det berre personar i FS med gyldig studierett der startdato er 14 dagar eller mindre fram i tid som vert overførd.
  5. Cerebrum oppretter ein brukarkonto til studenten og tildeler IT-tilgangar, avhengig av kva studenten er registrert med.
  6. Studenten får tilsendt ei tekstmelding på sitt mobilnummer registrert i FS, med brukarnamn og lenke til uio.no/nybruker. Studenten kan då sette seg eit passord for å få tilgang til IT-tenestene.
  7. Studenten har no status opptak, som betyr at studenten ikkje er ferdig registrert, men får likevel midlertidig tilgang til dei fleste IT-tenester for å blant anna semesterregistrert seg.
  8. Studenten semesterregistrerer seg, og får status som aktiv student. Dersom studenten ikkje gjer dette innan ein kort periode, vil brukarkontoen bli sperra.

Merk:

  • Studentar får ikkje ein studentbrukar før tidlegast 14 dagar før startdatoen til studieprogrammet.
  • Det er berre semesterregistreringar og -betalingar for inneverande semester som vert vurdert for å rekne ein student som aktiv. Vårsemesteret startar 1. januar, haustsemesteret 1. juli. Dette vil sei at nye eller tidlegare studentar vil ikkje få tilgang til øvrige IT-tenester før etter 1. januar eller 1. juli.
  • Opptak som har startdato før 1. januar 2003 filtrerast automatisk ut. Studentar vil i slike tilfeller ikkje få IT-tilgangar om dette er det einaste dei er registrert med.
  • Tidlegare fekk opptaksstudentar berre nok IT-tilgangar til at dei fekk logga på i StudentWeb for å semesterregistrere seg. I 2016 vart dette endra til at opptaksstudentar får samme tilgang som aktive studentar, i ein begrensa periode, så dei også får tilgang til blant anna Exchange.

FS-tekniske krav for å status opptak:

  • Studenten må vere registrert på eit studieprogram (fs.studieprogramstudent)
  • fs.studieprogramstudent.dato_studierett_tildelt må vere maksimalt 14 dagar fram i tid
  • fs.studieprogramstudent.dato_studierett_tildelt kan ikkje vere eldre enn frå 2003
  • fs.studieprogramstudent.dato_studierett_gyldig_til må vere i framtida

Andre studentar

Skilnader for andre typar studentar, i forhold til opptaksstudentar:

  • Emnestudentar: Studentar som ikkje har opptak til studieprogram, som emnestudentar, får ein brukarkonto straks dei har semesterregistrert seg. Desse overførast ikkje frå FS før dei reknast som aktiv student, dvs. at dei må ha fått ei gyldig undervisingsmelding til eit emne i inneværande semester og semesterregistrert seg. Emnestudentar har med andre ord ikkje noko opptaksstatus, frå Cerebrum sitt perspektiv.

  • Privatistar: Privatistar får samme IT-tilgangar som aktive studentar. Dette er ei endring frå 2014, tidlegare hadde privatistar berre begrensa med IT-tilgangar.

  • Doktorgradsstudentar: Har berre krav om studierett, og ikkje semesterregistrering.

Publisert 5. mai 2010 13:05 - Sist endret 12. okt. 2017 14:28