Sperring av studentbrukarar

Studentar får beholde IT-tilgangen sin i 180 dager etter at dei er ferdige med å studere. Etter dette vert brukarkontoane sperra og avvikla fortløpande, gjennom den vanlege avviklingsrutina.

Rutina for sperring

Sperreprosessen foregår i denne rekkefølga:

  1. Inaktivisering: Studenten sine registreringar i FS går enten ut på dato, til dømes ved at sluttdatoen for studieopptaket går ut, eller så vert studenten registrert som inaktiv. Studenten vil 180 dagar etter dette bli ansett som inaktiv i andre IT-system.
  2. Varsel: Inaktive studentar vert varsla ein kort periode før sperring. Alle som ikkje oppfyller minst eitt av krava til aktive studentar ved UiO vert ansett som inaktive. Studentar får det samme e-postvarselet som alle andre brukarkontoar som står i fare for å bli sperra.
    Studenten har no muligheit til å kontakte informasjonstenesta ved sitt fakultet for å rette opp i eventuelle feilregistreringar i FS. Rettingar av feil i FS hindrar automatisk sperreprosessen for studenten, då det automatisk fjerner karantena.
  3. Sperring: Inaktive brukarkontoar vert sperra. Dette gjerast ved at brukarkontoen får ei karantene.
    Obs: Ikkje fjern slike karantener, men send studenten til sitt studentkontor. Slike karantener vert automatisk fjerna når FS seier at studenten er aktiv.
  4. Avvikling: Brukarkontoar som har vore sperra ei stund vert avvikla. Dette er det samme som ein user delete i bofh - blant anna vert heimeområdet sendt til backup.
    Studentar som er blitt avvikla, men ønsker å få henta ut sitt gamle heimeområde kan gjere dette ved å kontakte Houston. Studenten må legitimere seg.

Sjå informasjonen om den vanlege avviklingsrutina for meir detaljar om sperringa og avviklinga.

Gjenoppretting

Studentar som kjem tilbake får automatisk tilbake sitt gamle brukarnavn, men det vert bygd eit nytt, tomt heimeområde. Kontakt restore@usit.uio.no for å få gjenoppretta eit heimeområde.

Tilsette og studentar

Sperre- og avviklingsrutina skiller i dag ikkje lenger på studentar og tilsette, til dømes basert på kva om dei har heimeområde på ein student- eller ansatt-disk.

Dersom du har ein student som også er tilsett på noko vis, og studentbrukaren har fått varsel om sperring, må du registrere personen som ein tilsett, til dømes som ein assosiert person. Dersom personen allereie skulle vore registrert, må de ta kontakt med personen si personalavdeling.

Publisert 5. mai 2010 13:06 - Sist endret 5. juli 2017 14:18