Planlegging

Planner gjer det enkelt for teamet å halde seg organisert, tilordne oppgåver og halde oversikt over framdrifta. Opprett ein ny plan i ditt team, slik at du kan komme i gang.

Planner eller Planleggeren er ein applikasjon i Teams som gir deg moglegheita til å organisere både ditt og andre sitt arbeid. Du kan tilordne oppgåver, gi oppgåva ein frist og halde oversikten over om oppgåvene er gjort, og framdrifta elles. 

Slik legg du inn Planner i teamet ditt:

  1. Klikk på teamet ditt.
  2. Om du ikkje har lagt til andre faner, finner du faner for Samtalar og Filer øvst til venstre i team-vindauget. Ved sidan av finn du eit pluss-teikn. Klikk på pluss-teiknet for å legge til Planner.
  3. Under Faner for teamet finner du Planner. Klikk på Planner-ikonet.
  4. Klikk Create a new plan eller Use an existing plan from this team dersom du har brukt Planner før og ønskjer å bruke ein eksisterande plan.
  5. Velg namn til planen din og klikk OK. No er Planner inne i teamet ditt.

For å lære meir om korleis du kan bruke Planner, sjå Teams sine eigne rettleiingar.

Publisert 11. mars 2019 07:22 - Sist endret 24. juni 2019 09:05