E-læring: Still betre rusta i IT-kvardagen

No er det Sikker oktober igjen. Målet for arrangementet er å gjere tryggleikstankegangen til ein naturleg del av kvardagen. For å gjere alle tilsette betre rusta til å møte tryggleiksutfordringane, lanserer vi no to e-læringskurs. Målet er at alle tilsette skal gjennomføre kursa, og dei er klare for bruk allereie no.

Bildet kan inneholde: font, tekst, logo, varemerke, merke.

 

Informasjonstryggleik for tilsette

Det fyrste kurset omhandlar fleire aspekt ved IT-tryggleik. Det heiter rett og slett "Informasjonssikkerhet for ansatte" og byggjer på materiale frå sikresida.no. Representantar frå UiO si IT-sikkerhetsgruppe UIO CERT og Digital sikkerhet ved NTNU har bidratt til innhaldet.

Kurset har sju modular, og skal vere mogeleg å gjennomføre på om lag 30-45 minutt. Det er ingen testar eller oppgåver i kurset, men på slutten må du registrere at du har gjennomførde alle modulane.

Lær å kjenne igjen svindel-e-post

Det andre kurset er utvikla på UIO og handlar om svindel-e-post, eller phishing. Slike e-postar har etter kvart blitt ganske vanleg, og felles for dei er at dei prøver å få deg til å skrive inn passord, kontoinformasjon eller annan viktig informasjon, på ei falsk nettside slik at svindlarane får tilgang til det og kan bruke det til eiga vinning. Svindel-e-post kan også innehalde lenker som installerer spionprogramvare på datamaskina di slik at svindlarane kan sjå kva du skriv og forsyne seg av dokumenta dine.

Det er veldig viktig at alle er på vakt mot svindel-e-post og lærer seg å kjenne dei igjen så vi oppmodar alle tilsett til å ta også dette kurset. Det består av to videoar; ein på 5 minutt og ein på 8 minutt, etterfølgde av oppgåver du tek for å sjå om du har lært å kjenne igjen falske e-postar. Dersom du svarte feil på ein eller fleire oppgåver, kan du ta dei på nytt. Også her blir det registrert at du har teke kurset.

Kvar er kursa?

Kursa ligg i Canvas, UiO sin læringsplattform. Du registrerer deg som deltakar på kursa ved å fylle ut eit nettskjema, og etter maksimalt en halv time er du registrert og klar til å starte.

Fortel ein kollega om desse kursa, og ha lukke til på vegen til betre informasjonstryggleik.

Publisert 17. okt. 2019 08:12 - Sist endra 17. okt. 2019 08:12