Nyhendemating (RSS) av fagstoff

For gode kritiske akademikarar så vil nok tanken på at ei maskin ”matar” ein med fagstoff vere ein framande tanke. Mange likar å foreta bokval og artikkelseleksjon ved å gå langs hyllene og å bla i sine tidsskrifter. Med dei mengdene informasjon som produserast i dag kan dei tradisjonelle metodene verte for tidkrevande. Nyhendemating, på engelsk Really Simple Syndication, kan hjelpe ein med å halde seg oppdatert med langt mindre tidsbruk.

Av gjesteblogger Pål M. Lykkja

Nye store bok- og tidsskriftdatabaser med skikkeleg nyhendemating
I dei siste månadane så har Universitetsbiblioteket kjøpt inn nye, eller utvida fleire store bok- og tidsskriftdatabaser. I samband med dette så har eg oppdaga at desse basene har fått kraftig forbetra funksjonalitet på nyhendemating. No er det mogleg å kople seg til desse basene slik at ein kan motta ganske nøyaktig det ein treng for å fylgje i fagfeltet utan å verte overvelda av mengdene med informasjon. Verktyet ein treng for dette heiter nyhendematar eller RSS-lesar.

Innhaldforteikninga med direktelenke til fulltekst på ein stad
Dersom ein til dømes er inne på eit tidsskrift som ein plar lese ved kvar utgjevnad, så kan ein spare mange museklikk på å få innhaldsforteikninga levert rett inn i nyhendemataren istadenfor å opne opp tidsskriftet i nettlesaren kvar gong ein skal sjekke om nytt nummer har kome ut. Det same gjeld med bok- og rapportseriar, arbeidsnotater og til og med faste søk og siteringar.

Færre passord, raskare å lese
Nyhendemating er eit godt alternativ til e-postvarsling. Ein treng i mange tilfelle ikkje å måtte registrere seg slik at det er raskare å starte eit abonnement på ein matar eller endre på den enn e-postvarslar. Eit par-tre klikk er ofte nok. Dagens nyhendematarar er dessutan langt meir tilrettelagt for sosial deling og arkivering for seinare gjenfinning enn e-post.

Utnytt daudtida
Lesing av nyhendematar passar ofte veldig bra når ein er ute på reise eller når ein har havna i ein eller annan kø. Tida og energien til å gjere noko nyttig er gjerne tilstades, men datamaskina eller papirbunken er utanfor rekkjevidde. Då vil dei fleste mobilar fungere fint til å sjekke innhaldsforteikninga i diverse tidsskrifter eller fagbloggar.

Nyhendemating fungerar på dei aller fleste bloggar og nettsider som oppdaterast med nytt innhald med jamne mellomrom. Det vil i mange tilfelle vere ein matar som fungerar på det ein vil lese.

Fagdatabaser, fagbloggar og Twitter
For dei som vil prøve dette kan leite opp tidsskrifter eller bokseriar i desse basene som dei vil fylgje, trykkje på teiknet for nyhendemating eller kopiere nettadressa og lime den inn i nyhendemataren sin. Deretter er det greit å lage ei mappe som samlar matarar etter tema og prioritet. Fagdatabaser som Springerlink, World Bank iLibrary, OECD iLibrary, SciVerse, Proquest etc. har utallige interessante abonnementer, men også den stadig veksande fagblogg-sfæra og fag-Twitter-sfæra kan ha høg fagleg relevans.

Dersom ein startar med å fylgje verkeleg gode bloggar så tek det ikkje lang tid før ein gjennom desse får tips til nye matarabonnementer. For den som manglar tips til fagbloggar å fylgje med på, så kan kanskje www.alltop.com vere ein stad å starte.

Farene med nyhendemating
Når ein har fått ein matar full med akkurat det ein er ute etter så er problemet tidkrevande klikking og leiting gjennom lange lenkelister med døde lenker og liknande langt mindre. Det er rett og slett alt for mykje både relevant og viktig der ute til at ein greier å koma seg gjennom det. Då er det godt å ha ein knapp for prioritert arkivering, og så kan ein heller gå tilbake i arkivet og sjå nærmare på ting når ein skulle få tid til det.

 
Pål M. Lykkja er fagreferent i samfunnsøkonomi og samfunnsgeografi
Litt om meg sjølv: Har studert jus, historie, bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi, og sist men ikkje minst Ex. Phil. Eg har vore interessert i mange aspekter knytta til arbeidet mitt som fagreferent i dei siste åtte åra, serleg det som er knytta til det elektroniske biblioteket. Likar skog og mark, og har bygd ein morseradio som eg planlegg å ta med ut viss eg får meg radioamatørlisens. Neste interessa som skal utforskast er segling, og har som mål å ta båtførarprøva og lære navigasjon på sjøen.
Emneord: blogger, fagstoff, Twitter, rss, Lesestoff Av Anonym
Publisert 20. sep. 2010 14:15 - Sist endret 13. aug. 2015 08:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere