#hashtag

Alfakrøllen fekk ein renessanse då eposten gjorde sitt inntog. Rett til høgre på dei fleste tastatur er det ein annan liten rakkar av et teikn som vært meir og meir brukt - nemleg: # eller "firkant" om du vil. Men til kva anna enn nummerering? 

Ein # etterfulgt av eit ord eller ein forkorting vert innan sosiale media kalla hashtag og var fyrst introdusert på Twitter. Det hashtagen gjer er å sortere innhaldet for deg. Dei som postar noko på Twitter kan leggje til ein hashtag som knyter meldinga til et tema. Hashtagen vert automatisk til ei lenkje du kan klikke på og som gjer deg ein oversikt over alle andre meldingar som inneheld den same hashtagen. På denne måten vil då alle meldingane med same hashtag sorterast tematisk saman, og ein kan enkelt følgje ein diskusjon eller samtale. 

Om du har for vane å vanke på konferansar og seminar har du kan hende lagt merke til at Twitter i aukande vert brukt i tilknytning til desse. Ein opplysar om konferansa si offisielle hashtag slik at kommentarar og diskusjonar kan leve eit parallelt liv på Twitter ved sida av det som føregjeng i konferansesalen. Den evig aktuelle DML-dagen hadde til dømes originalt nok #dmldagen som offisiell hashtag. Ikkje berre kan ein diskutere medan konferansen held på, men diskusjonen kan halde fram og etter at konferansen er ferdig. Ganske snedig eigentleg. 

Den siste tida har bruken av hashtags utvida seg litt. Ein brukar ikkje hashtagen berre til å gruppere innhald, men den kan også verte brukt til å komme med oppsummerande kommentarar. Utifrå samanhengen i tweeten til høgre kan ein tyde at det er fredag som er årsaken til at ingen er tilgjengelige hjå Plan- og bygningsetaten, sagt med eitt ord i staden for ein liten setning. Ganske snedig det og eigentleg. 

Hashtagar har til nå hovudsakleg vorte brukt på Twitter, men andre nettenester har tatt det i bruk. Til dømes biletetenesta Instagram der du postar bilete du tek med iPhonen din. Til kvart bilete kan du her og knytte ein hashtag. Bilete med dei same hashtagane vært automatisk lista i eit slags galleri. Snedigdomen vil omtrent inga enda ta. 

Nå har visstnok utbreiinga av hashtagar auka i endå meir i omfang. Det vært hevda at fleire har teke hashtagen ut av internett og inn i det handfaste daglege livet. Dei nerdaste iblant oss gjeng rundt og lagar firkantteiknet med fingrane og seier resten av hashtagen. Mogleg at snedigdomen fann si ende her, men om ikkje anna kan det vere ei effektiviserting av språket? #win eller #fail ?

 

 

Emneord: Twitter, effektivitet, Stammespråk, Instagram, hashtag Av Svein H. Kleivane
Publisert 16. juni 2011 13:02 - Sist endret 25. aug. 2016 11:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere