Sareptas krukke

Det er nå knapt nok mogeleg å vere undervisar eller student utan å vere i kontakt med ein læringsplattform. Fronter er det som vert nytta på UiO og kvar veke logger omlag 12000 brukarar seg på. Som undervisar er det mykje tilrettelegginga av Fronterromma som står på agendaen. Er det noko du lurar på og treng umiddelbare svar, er den illustrerte løysinga berre eit par klikk unna.

Sareptas krukke er Fronter sin eigen ressursside med instruksjonsvideoar som syner deg alt frå enkel administrasjon av Fronterrommet til meir avanserte tips og triks. Videoane er delt inn i tre kategoriar - grøn, raud og svart. Desse angjer aukande grad av vanske. Videoane syner deg trinn for trinn kva du må trykke på og du kan enkelt stoppe og spole i filmen om du må sjå noko ein gong til. Til dømes:

  • Korleis tilpasser ein mappetilgongen?
  • Korleis lagar eg ein læringssti?
  • Korleis setjer eg inn ein video frå YouTube?

Og ikkje nok med det. Er du redd for å rote til ditt eige rom har Sareptas krukke ein eigen del med ulike oppgåver du kan løyse på førehand. Du får opp eit skjermbilde med eit fiktivt Fronterrom og ei gitt oppgåve. Den må du løyse med å klikke dei korrekte stadene i rommet, og står du fast er hjelpeknappen nede i hjørnet.

Det er mange Fronterkompetente folk på UiO som meir enn gjerne svarar deg, men nokre gonger vil ein heller sjå filmen enn å lese boka.

Emneord: LMS, Fronter, digitale læremidler, tips, Verktøy, undervisning Av Svein H. Kleivane
Publisert 19. mai 2011 14:32 - Sist endret 16. nov. 2015 10:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere