English version of this page

Kandidatinstruks ved skuleeksamen

Kandidatinstruksen viser korleis UiO gjennomfører skuleeksamen. Ein skuleeksamen kan vere digital eller på papir.  

Før eksamen

  • Hugs å finne fram gyldig legitimasjon med bilete (studentkort, nasjonalt ID-kort, pass, førarkort eller bankkort). Du kan også bruke mobil-appen Førerkort eller Studentbevis, dersom du har bilete i appen. 
  • Yttertøy, sekkar, vesker og liknande skal setjast på tilvist stad. Mobiltelefonar, smartklokker og anna elektronisk utstyr skal vere avslegne og pakka ned, og skal ikkje oppbevarast i yttertøy eller lommer.
  • Armbandsur skal også vere pakka ned, og skal ikkje oppbevarast i yttertøy eller lommer. Grunnen til dette er at det er vanskeleg å skille smartklokker frå vanlege klokker. 

Ved eksamensstart

Digital eksamen i Inspera

  • Kontakt ei eksamensvakt/IT-vakt med ein gong dersom du har problem med å logge inn.
  • Logg inn med brukarnamn og passord på datamaskina og i Inspera.

Skuleeksamen på papir

  • Eksamenssvaret skal skrivast på papir som blir utlevert i eksamenslokalet.
  • Du skal skrive med blå eller svart penn (kulepenn ved gjennomslagspapir). Sjå til at skrifta er leseleg.

Under eksamen

  • Ved eksamensstart skal berre legitimasjon, skrivesaker, tillatne hjelpemiddel og mat/drikke liggje på pulten.
  • Overinspektøren kjem rundt med kandidatlister med kandidatnummer. Du skal vise gyldig legitimasjon.
  • Du kan ikkje forlate plassen din utan å kontakte ei eksamensvakt først. Dersom du ønskjer å ta pause, rekkjer du opp handa og ventar til ei av eksamensvaktene kjem.
  • All kommunikasjon mellom kandidatar, eventuelt andre du treff under pausar, er forbode.
  • Brot på retningslinene kan bli sett på som fusk eller forsøk på fusk. Dette kan føre til annullering av eksamen og utestenging frå UiO og andre norske universitet og høgskular i opp til eitt år.

Trekk frå eksamen

  • Du kan trekkje deg frå eksamen tidlegast 30 minutt etter eksamensstart, og først etter at legitimasjonen din er sjekka. Kontakt overinspektøren og stadfest at du trekkjer deg. Eksamenssvaret skal ikkje leverast. Trekk under eksamen blir rekna som eit eksamensforsøk.

Sjukdom under eksamen

  • Dersom du blir sjuk under eksamen og ikkje er i stand til å fullføre, kan du trekkje deg frå eksamen. Kontakt overinspektøren og stadfest at du trekkjer deg. Eksamenssvaret skal ikkje leverast.
  • Dersom sjukdomsavbrotet skal kunne registrerast som gyldig fråver, må du oppsøkje lege så snart du har forlate eksamenslokalet. Legeattesten må vere utferda på eksamensdagen og oppgje om sjukdomen oppstod under eksamen. Legeattest, eventuelt saman med søknad om utsett eksamen, skal sendast eller leverast til fakultetet som er ansvarleg for eksamenen innan vanlege fristar. Godkjent gyldig forfall til eksamen blir ikkje rekna som eit eksamensforsøk.

Innlevering

Digital eksamen i Inspera

  • Du leverer eksamenssvaret ditt i Inspera når du er ferdig. Kontakt ei eksamensvakt når du er ferdig, slik at eksamensvakta ser at du har levert på dataskjermen din. Etter at eksamensvakta har sett at du har levert, skal du logge av datamaskina.

Skuleeksamen på papir

  • Ved slutten av eksamenstida skal all skriving vere avslutta og eksamenssvaret vere klart for levering. Kandidatnummer, emne, dato og sidetal skal fyllast ut i løpet av den ordinære eksamenstida. Dersom du ikkje følgjer desse reglane, vil eksamensvaktene notere det på eksamenssvaret.
  • Det er ikkje mogleg å levere kladd som ein del av eksamenssvaret.
  • Ved bruk av gjennomslagspapir får du 10 minutt ekstra tid til å skilje arka frå kvarandre. Legg kvit original i kvitt omslag og gul kopi i gult omslag. Grøn kopi kan du behalde sjølv.
  • Etter at ei eksamensvakt har kontrollert eksamenssvaret ved bordet ditt, skal du sjølv levere eksamenssvaret ved overinspektøren sitt bord og vise gyldig legitimasjon.

Lukke til!

 

Publisert 25. apr. 2022 15:20 - Sist endra 7. des. 2023 12:48