Han seier det rett ut, professor i rettsvitskap på Universitetet i Oslo, Jørn Øyrehagen Sunde: Noko er gale med den norske rettsstaten. Ikkje alt er gale, legg han straks til, men noko.
– Det har blitt så dyrt å gå til domstolane for å krevja sin rett eller forsvara sin rett, at dei aller fleste av oss faktisk ikkje har råd til det. Det er eit problem vi må ta på djupaste alvor.
Sunde viser til at likskap for lova er eit grunnleggjande prinsipp i rettsstaten.
– Men, å gje like rettar i lov er ikkje nok. Vi må ha same mogelegheit til å forsvara interessene våre i ein domstol for at likskapen skal vera reell. Slik er det ikkje i dag. Den norske rettsstaten har utvikla seg i heilt feil retning dei siste tjue åra, meiner han.

Sunde er aktuell med bok, ein pamflett, kallar han den, der tittelen er forma som eit spørsmål: Har eg rettstryggleik? Det er ikkje til juristkollegaene han fyrst og fremst snakkar, men til politikarane og folk flest. Han vil ha merksemd om problemet – og vekkja debatt.
Lite skjer
Juristen er ikkje åleine med uroa si.
– Advokatforeiningane er bekymra. Dommarforeiningane er bekymra. Mange har vore bekymra lenge. Men trass i medvitet om at noko er gale, har det knapt skjedd noko som helst på det politiske nivået. Det gjer meg skikkeleg irritert. For det er ikkje så reint lite som står på spel. Vi kan komma til å øydeleggja noko av det flottaste og viktigaste vi har: rettsstaten.
Men, kan vi kanskje innvenda, er det verkeleg så gale? Er ikkje den norske rettsstaten blant dei beste i verda? Jau, på mange måtar. Vi er på topp når det gjeld fleire ting, som at lovene våre ikkje har tilbakeverkande kraft, eller at dommarane våre er uavhengige og ukorrupte.
– Men vi bør likevel ikkje vera sjølvtilfredse. På oversikta til World Justice Project over rettsstatar i verda, kjem det fram at Noreg er på 14. plass når det gjeld tilgang til konfliktløysingsmekanismar, typisk domstolar.
– I ei verd med veldig mange nasjonar, er ikkje det bra nok?
– Nei. For Italia eller Peru er det ikkje så verst å vera nummer 14. Men dei er ikkje tillitssamfunn. Noreg derimot, er eit ekstremt sterkt tillitssamfunn, åtti-nitti prosent av oss har tillit til media, til politi, til rettsvesen. Det betyr òg at om det går gale, så har vi tillit til at vi kan gå til domstolane og få saka vår prøvd, tillit til at vi kan vinna fram med krava våre. At rettferd skjer. Men når vi oppdagar at denne mogelegheita er stengt for oss fordi vi ikkje har pengar nok, då øydelegg ein tilliten. Å vera nummer 14 er rett og slett ikkje bra nok for Noreg. Skal vi oppretthalda tilliten, må vi vera mykje betre. Det er standarden vår.
"Det er blitt så dyrt å føra ei sak for domstolane, at dei aller fleste ikkje lenger har råd til det."
Berre for dei rike
Sunde peikar på at rettstryggleiken, din og min, blir skadelidande.
– Viss barnet mitt blir mobba på skulen og kommunen ikkje vil setja i verk tiltak, kan eg til slutt bli nøydd til å ta saka til domstolane. Men når det vil kosta meg 2-300 000 kroner – og tapar eg saka, så kostar det meg nye 2-300 000 – då kan eg ikkje. Då gjer eg eitt av to. Anten let eg heile saka vera og seier at vi flyttar. Eller så må eg berre inngå eit dårleg forlik med kommunen.
Høge saksomkostningar kan brukast som eit utpressingsmiddel, åtvarar Sunde.
– Ein kommune, eit sjukehus, eit forsikringsselskap, eller naboen min, dei med ressursar. Dei kan venta og sjå. Kor lenge toler du høge utgifter til advokat før du er villig til å inngå eit dårleg forlik? Då er det ikkje likskap for lova, då er det den sterkaste sin rett som gjeld, og dermed er heile poenget med ein rettsstat borte.
Sunde peikar på eit mønster: Dess mindre utdanning og løn eg har, dess mindre delar av det norske rettssystemet er tilgjengeleg for meg. Som minstepensjonist, til dømes, har eg små sjansar til å ta saka mi til retten, sjølv om ho er aldri så viktig for meg:
Eg er blitt feilbehandla på eit sjukehus og sit derfor i rullestol, men eg får ikkje økonomisk kompensasjon for varige mein eg fekk – midlane eg treng for å ha eit hus utan dørstokkar og trapper. Ikkje berre kan eg tapa min rett fordi eg ikkje har pengar, eg kan kjenna meg forsvarslaus og ubetydeleg, mista kjensla av verdigheit.
– Ein rettsstat som fungerer, gjer at eg får rett sjølv om eg ikkje har makt. Men no ser vi at ulike typar makt – og ikkje lov og rett – meir og meir avgjer den rettslege situasjonen. Denne vonde spiralen er den klassedelte rettsstaten, seier Sunde, som stadig fleire blir fanga i.
Staten bryt kontrakten
At det er så dyrt å gå til sak, koplar han til fleire ting. For det fyrste er lov og rett vorte enormt omfattande og derfor nesten umogeleg å manøvrera i utan å vera jurist. Samstundes har staten gjort det vanskelegare å få faktisk tilgang til rettsmateriale – til dokument som Arkivverket forvarar og til lov og rett som Lovdata gjer tilgjengeleg.
– Leitar eg etter kjeldene til lov og rett i Lovdata – som til dømes kan hjelpa meg i ei sak der naboen krev vegrett over tunet på garden min, ligg over halvparten av dei dokumenta bak ein betalingsmur. Skal muren opnast for meg, må eg ut med 7500 kronar i året. Kva i all verda er dette? Eg held fartsgrensene, eg betaler skatt, eg gjer det eg skal. Og så skal eg betala tusenvis for å vera informert og lovlydig? Med dette bryt staten sin del av samfunnskontrakten, påpeikar juristen.
"Noko er gale med rettsstaten vår. Eg er desperat etter at di skal ta problemet på alvor."
KI kan hjelpa
Korleis blir eg informert? Sunde meiner staten ikkje tek nok ansvar for å formidla lov og rett til innbyggjarane. Om den hjelper til med å sikra oss innsyn, kan kanskje fleire av oss sleppa å gå til ein dyr advokat.
– Det finst teknologi med kunstig intelligens som gjer det lett å utvikla ei digital fyrstelineteneste. Om du får eit krav frå naboen om vegrett over eigedomen din, kan du fortelja situasjonen din inn i eit dataprogram – som analyserer kva du treng å sjekka, anten det er veglova, servituttlova eller hevdslova. Gjennom å finansiera ei slik fyrstelineteneste kan staten i større grad halda sin del av samfunnskontrakten, held juristen fram.
Timeprisen må ned
Men, seier Sunde, meir trengst.
– Staten må hjelpa oss ved å regulera advokathonorara gjennom lov. Til no har det nærast vore tabu å snakka om det. Nett som staten hjelper folk inn på bustadmarknaden med nokre lovreguleringar, bør politikarane gjera noko av det same på advokatmarknaden – som dei siste tjue åra har utvikla seg like ekstremt som bustadmarknaden.
Han peikar på at den oljesmurde økonomien vår har drive advokathonorara enormt opp, sjølv om det er ikkje er mangel på advokatar. Kapitalsterke aktørar kan betala den sterkt aukande timeprisen, som stengjer mange ute frå å krevja sin rett for domstolane.
– Eg prøver å vekkja politikarane. Eg seier ikkje at alt skal gjennomregulerast, men la oss sjå kva vi kan gjera. Tyskland har regulert marknaden i mange år, Danmark og England kjem no etter. Det er ingen grunn til at ikkje vi òg skal kunna gjera det.
– Slutt med tullet!
Politikarane må altså på banen. Men det må òg domstolane, meiner jussprofessoren. Han underviser studentane i domstolar og domsskriving, og tek dei gjerne med til tingretten, der dei følgjer ei rettssak.
– Fleire gonger har eg hatt lyst til å reisa meg opp i salen og ropa: 'Hallo, slutt med tullet, de bruker altfor mykje tid! Kvifor leverer de inn saksdokument på tusen sider, men berre viser til nokre få av dei?’
Sunde ser ei uheldig utvikling.
– Dess dyrare advokathjelpa blir, dess meir valuta vil klientane ha for pengane. Berre dommarane kan bryta den vonde sirkelen, seier han, og peikar på at rettssystemet har hamna i same grøfta som helsevesenet: Godt er ikkje lenger godt nok. Då er det eigentleg ingen ende på kva krav ein kan stilla, eller kva kostnadar som kan synast legitime.
Dommarane, meiner han, må regulera tidsbruken i ulike typar saker strengare og meir skjematisk enn i dag: Kva er viktig her? Jau, dei saksdokumenta der. Du har sikkert lyst til å føra alle desse vitna, men ærleg talt, vi har ikkje bruk for dei. Tre vitne er meir enn nok. Då bruker vi ikkje tre dagar – då bruker vi tre timar.
På sparebluss
At det er dyrt, kan vera ei viktig årsak til at færre går til rettssak no enn før. Talet på sivile rettssaker har vore jamt minkande over fleire år – i høve til folketal og velstand er talet svært lågt. Og i Europa er det berre Irland som bruker mindre pengar på domstolane enn oss.
– I fleire tiår har Noreg valt å ikkje tilsetja fleire dommarar sjølv om samfunnsutviklinga gjer at talet på konfliktar aukar, og det er ei viktig årsak til at domstolane handsamar få saker. Det er eit stort demokratisk problem.
Sunde seier det er lett å tenkja at ein styrer samfunnet gjennom å gje lovene, slik Stortinget gjer. Domstolane skal uansett ikkje leggja noko til eller forandra på noko, kan ein innvenda.
Feil, seier han. Når ein har vedteke ei lov, er ein eigentleg berre kommen halvvegs. Lova må bli brukt i mange saker for at politikarane sin vilje blir realisert.
– Færre saker vil seia mindre folkevald styring av samfunnet. Når folk ikkje har råd til rettssak, finn dei alle andre mogelege løysingar utanfor domstolane. Men det er ikkje det demokratiet ynskjer.
– Så kva må til?
– Vi må opna opp domstolane. Fleire domstolar, fleire saker, fleire dommarar.
Manglar medvit
Jussprofessoren peikar på det han meiner er eit kjerneproblem, nemleg ein akutt mangel på rettsstatsmedvit.
– Ikkje berre domstolane, men også alle andre konfliktløysingsmekanismar tek i liten grad eit rettsstatsansvar. Når eg les årsrapporten til Pasientskadenemnda til dømes, er det effektivitet som går igjen. ‘Rettsstat’ og ‘rettstryggleik’ er knapt nemnt. Tankegangen ser ut til å vera: Så lenge vi handhevar reglane innanfor budsjett og ikkje går med underskot, har vi gjort jobben vår.
Illiberale demokrati
Den nye boka til Jørn Øyrehagen Sunde har undertittelen Om den klassedelte rettsstaten og illiberale demokrati. Forfattaren ser ein tydeleg samanheng.
– Vi veit at myke av tilliten til heile rettssystemet kviler på tilliten til domstolane. Men mange opplever no at domstolane ikkje er der for dei og deira interesser. Heller er domstolane organ der ein vert straffeforfølgd, må forsvara retten sin til samvær med eigne barn, som mange av dei sivile sakene handlar om, eller bli saksøkt av ein med ressursar, påpeikar han.
Når tilliten til domstolane sviktar, åtvarar Sunde, må vi vera på vakt. For domstolane har viktige kontrolloppgåver, dei skal mellom anna passa på at dei folkevalde og forvaltninga ikkje misbrukar makta si.
– Men om folk føler at domstolane ikkje er der for dei, då bryr dei seg heller ikkje når domstolane vert svekka. Då vender dei rettsstaten ryggen. I USA er det mest skremmande ikkje at president Trump byggjer ned rettsstaten fort og effektivt, men at reaksjonane ikkje kjem. Vegen mellom den klassedelte rettsstaten og det autoritære styret er ikkje lang. Difor er eg djupt bekymra.
– Boka stiller eit spørsmål: Har eg rettstryggleik? Kva vil du svara?
– Ja, eg har rettstryggleik. Men noko er gale med rettsstaten vår. Eg er desperat etter at vi skal ta det på alvor. Derfor skrik eg meg nesten hås.
Ønsker ingen norm for hva advokater kan kreve
Skyhøye salærer gjør det nå umulig for mange å søke advokathjelp. – I advokatbransjen kunne eksterne eiere med kapital gitt mer innovasjon og billigere advokattjenester, mener Peter Frølich (H). Å regulere advokatlønna vil han ikke.

– I Norge er rettssikkheten høy og rettsstatens helse god sammenliknet med store deler av verden omkring oss, understreker leder for Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Peter Frølich (H). Ikke desto mindre deler han problembeskrivelsen til Jørn Øyrehagen Sunde: Tilgangen til domstolene er blitt vanskeligere, og de økende kostnadene bidrar til det.
– Denne bekymringen tror jeg stadig flere politikere deler, sier Frølich.
Bedre rettshjelp
Han mener det ikke finnes noen enkel politisk løsning på problemet.
– Trolig må vi følge flere spor for å få til endring. Et viktig spor kan være å omprioritere ressursene. For eksempel kunne vi utvide rettshjelpsordningen slik at flere får lettere tilgang til lov og rett. Samtidig kan det være aktuelt å stramme inn på ressursbruken andre steder, som bistandsadvokatordningen. Bruken av bistandsadvokater i norske rettssaler er nemlig blitt ganske enorm de senere årene og binder opp store ressurser.
Ekstern kapitaleier
Et annet spor, mener Frølich, er å gjøre noe med advokatmarkedet. Han minner om at det har vært forsøkt i ganske lang tid, men uten særlig hell. Problemet, påpeker han, er at dette markedet er veldig satt. Han mener at eierskapsmodellen gjør at det blir lite nyskaping og innovasjon.
– I andre bransjer finnes tilgang til ekstern kapital, som blant annet kan brukes til å investere i ny teknologi. I advokatbransjen derimot, er en nødt til å være eier av egen virksomhet. Dermed er det den enkelte partnerens økonomi som avgjør hvor mye investering det blir i nye løsninger. Det vanskeliggjør gründervirksomhet, etableringen av nye advokatfirmaer, som kan gi publikum et billigere alternativ enn det de etablerte advokatfirmaene tilbyr.
Han peker på at Stortinget har gjort noe for å bøte på problemet.
– Blant annet har vi fjernet rettsrådsmonopolet, det gjør at det er mulig for bedrifter å starte opp rettsrådgivning, uten at en må være advokat. Det er et lite grep som kanskje kan sørge for en framvekst av alternative og billigere juridiske rådgivningstjenester. Men det vil ta lang tid.
Regulere ved lov? Nei
Jørn Øyrehagen Sunde peker på at lønnsøkningen til advokater i Norge er ute av kontroll, og etterlyser en eller annen form for regulering ved lov. Han mener det gir en særlig legitimitet å politisk etablere en norm for advokaters timelønn, som domstolene kan håndheve. Frølich støtter ikke tanken.
– Prismekanismer og liknende har jeg mindre tro på. Det finnes svært få eksempler i historien på at prisregulering av markeder er vellykket. Jeg tror ikke, ved et trylleslag, at historien vil se annerledes ut når det gjelder advokatmarkedet.
Rettsstat
• Rettsstat er ein stat der utøvinga av makt og mynde i all hovudsak er regulert og avgrensa av lover og andre offentleggjorde og generelle reglar.
• Rettsstaten er, saman med demokratiet og menneskerettane, fundamentet for korleis den norske staten organiserer og regulerer verksemda og utøvinga si av makt og mynde.
• I 2014 kom rettsstat inn i Grunnlova (§ 2): «Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.»
• Minst tre vilkår må vera til stades for å verkeleggjera rettsstaten: Høve til 1) innsyn 2) påverknad 3) ansvarleggjering 4) ein rettferdsstandard.
Har ein dette, kan ein få rett sjølv utan å ha makt. Då finst ein rettsstat.
Kjelder: SNL og Har eg rettstryggleik? av J.Ø. Sunde (2025)