Noreg skil seg ut
I ein ny bok går forskarar i djupna på TALIS-tala. Jelena Veletić, Hilde Marie Madsø Jacobsen og Alexander Selling undersøkjer om norske ungdomsskulelærarar planlegg å halde fram i yrket.
Funna viser at norske lærarar under 29 år såg i 2018 føre seg omlag 32 år til i yrket. I 2024 var talet 15 år.
‒ Samanlikna med dei andre nordiske landa var det dei yngste lærarane i Noreg som hadde den største nedgangen i kor lenge dei ser føre seg å bli i yrket, seier Veletić.
Anerkjenning betyr mest for dei yngste
Det er nettopp dei yngste lærarane skulesektoren treng mest på sikt, skriv forskarane bak kapittelet.
Lærarar som opplever at yrket blir verdsett i samfunnet, ser oftare føre seg å bli verande i det. For lærarar under 29 år er denne anerkjenninga særleg viktig.
– Funna våre tyder på at det er viktig for unge lærarar at yrket har ein sterk posisjon i samfunnet, og at det blir sett på som ein attraktiv og verdsett profesjon med eit godt arbeidsmiljø, seier Veletić.
Prosjektleiar Mark White sa då TALIS-tala kom i 2025 at tre av fire lærarar kjenner seg verdsette av elevar og foreldre, men at yrket ikkje blir verdsett i samfunnet. Dei fleste lærarane er likevel nøgde med jobben sin.
– Vi må tolke funna med varsemd, sidan vi berre har data frå lærarar som framleis er i yrket, og ikkje frå dei som allereie har slutta, legg Veletić til.
Aktuell bok og kort om TALIS

- «Et blikk på norske ungdomsskoler: Sekundæranalyser av TALIS 2024»
- I boka tek forskarar opp ulike tema som viser endringar frå 2018 til 2024.
- Redaktør er Mark White, som leier den norske delen av TALIS og er forskar ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS).
- Teaching and Learning International Survey (TALIS) er undersøkinga til OECD retta mot lærarar og rektorar i 55 land.
- Undersøkinga har som formål å belyse viktige sider ved læraryrket, blant anna arbeidsforholda og arbeidsvilkåra til lærarane, den faglege og yrkesmessige utviklinga, og kor nøgde dei er i jobben.
- Ved å delta bidreg lærarar og rektorar til eit solid kunnskapsgrunnlag for politikkutforming i den norske skulesektoren.
- TALIS er no gjennomført for fjerde gong, noko som gir unik kunnskap om korleis fagmiljø og skulesektoren utviklar seg over tid, både i Noreg og internasjonalt.
- Tidlegare har undersøkinga vorte gjennomført i 2018, 2013 og 2008.
- Bidragsytarar i «Et blikk på norske ungdomsskoler: Sekundæranalyser av TALIS 2024 er Hedvig Abrahamsen, Julius Bjørnsson, Eyvind Elstad, Ann Elisabeth Gunnulfsen, Hilde Marie Madsø Jacobsen, Guri Nortvedt, Anubha Rohatgi, Alexander Selling, Dijana Tiplic-Lunde, Jelena Veletić og Mark White.
Kurs gir ikkje alltid betre undervisning
Fagleg utvikling er ein annan faktor for å behalde lærarane. Alexander Selling og Mark White har undersøkt kva slags utviklingsbehov norske lærarar har, og kva lærarane har lært av etter- og vidareutdanning.
‒ Lærarane treng særleg etter- og vidareutdanning innan digitale ferdigheiter og pedagogikk, men også i eigne fag. Likevel seier 32 prosent av lærarane at etter- og vidareutdanning ikkje har forbetra korleis dei underviser, fortel Selling.
‒ I intervjua skildrar både lærarar og skuleleiarar mangel på tid og overskot til å identifisere eigne utviklingsbehov og følgje opp det dei har lært. Fleire lærarar fortel til dømes at dei ikkje rekk å arbeide vidare med kursmateriellet, seier White.
Han legg til at når lærarar får konkrete tilbakemeldingar på undervisninga frå kollegaer eller leiarar, fører det oftare til betre undervisning.
‒ Skuleleiarar og lærarar må få betre tid og den administrative belastninga må reduserast slik at ein kan prioritere observasjon, rettleiing og oppfølging. Det vil føre til ei reell praksisendring, seier White.
Utforsk boka
«Et blikk på norske ungdomsskoler: Sekundæranalyser av TALIS 2024» er open og gratis for alle.