English version of this page

Klart for ny innovasjonsmøteplass for akademia og næringsliv innan livsvitskap

Veksthuset for livsvitskap og næringsklynger sparkar i gang innovation hangouts der forskarar, studentar og næringsliv kan bygge nettverk. Slik vil vi legge til rette for samarbeid som gjer at forskinga ved UiO kjem pasientar og samfunnet til gode. 

Møteplass med personar som snakkar saman.

Merk at Veksthuset for livsvitskap har skifta namn til Veksthuset for verdiskaping. Artiklar skrivne før 2023 bruker gammalt namn. 

Veksthuset for livsvitskap, helse og teknologi skal bidra til ein sterkare innovasjonskultur ved Universitetet i Oslo (UiO) slik at meir kunnskap frå forskinga blir teken i bruk. Ein ny møteplass for akademia og næringsliv er eit ledd i dette arbeidet.

Inspirasjon, sjølvtillit, kunnskap, nettverksbygging og samarbeid

På møteplassen skal forskarar og studentar ved UiO møte tilsette frå det offentlege, sjukehus, næringsliv, næringsklynger og inkubatorar i innovasjonsøkosystemet for livsvitskap. Målet er å inspirere; gje sjølvtillit og kunnskap om innovasjonsprosessar, hjelpe dei med å bygge nettverk og legge til rette for samarbeid mellom akademia og næringsliv.

Næringsklynger er samarbeidspartnarar

Møteplassane blir haldne på engelsk og har fått namnet innovation hangouts. Planen er å arrangere innovation hangouts i Forskingsparken fire gongar årleg.  På kvart arrangement blir det inspirasjonsinnlegg, rollemodellinnlegg og matchmaking mellom akademia og næringsliv.

I 2022 er næringsklyngene Oslo Cancer Cluster, The Life Science Cluste og Norway Health Tech samt Legemiddelindustrien (LMI) medarrangørar:

Innovasjonstenester frå Veksthuset

Veksthuset for livsvitskap hjelper forskarar og studentar med å modne idear i tidleg fase. Vi har etablert ulike innovasjonstenester som skreddarsydd rettleiing, såkornmiddel og mentorprogram og samarbeider med heile innovasjonsøkosystemet for livsvitskap for å hjelpe forskarar og studentar best mogleg.

Les om innovasjonstenestene, og ta kontakt med oss.

Av Norunn K. Torheim
Publisert 15. mars 2022 12:47 - Sist endra 5. jan. 2023 08:19