Målet med internship-programmet er å gjere studentar kjent med ulike karrierevegar der dei kan bruke kunnskapen og kompetansen sin.
Bedriftene på si side får tilgang på smarte, hardtarbeidande studentar som er interesserte i å lære og bidra.
Blir drifta av studentforeiningar
Studentforeininga for medisinsk innovasjon (SMI) tok initiativ til internship-programmet. I dag driftar SMI programmet saman med Studentforeininga for farmasøytisk innovasjon (SFI). Studentar ved Det medisinske fakultet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet samt det Utdanningsvitskaplege fakultet kan delta.
Tilbakemeldingane frå både studentar og bedrifter som har delteke så langt, har vore overstrøymande positive.
Støtte frå Veksthuset
Bedrifter er, uavhengig av størrelse, velkomne til å finansiere eit uavgrensa antal sommarjobbar. Veksthuset dekker 50 prosent av lønna av 20 stillingar i bedrifter med færre enn ti ansatte. Du søker om støtte når du registrerer firmaet. Her er det førstemann til mølla!