English version of this page

Helseinnovatørskulen: Kurs for professorar og gruppeleiarar ope for påmelding

Lær korleis du kan auke innovasjonen i laboratoriet ditt og byggje bru over gapet mellom forskar og helseinnovatør. Meld deg på kurs i København 12.–13. juni. Førstemann til mølla.

Illustrasjon innovative forskere
Av Norunn K. Torheim
Publisert 8. apr. 2024

Korleis kan du auke innovasjonen i laboratoriet ditt? Korleis kan du kombinere å vere forskar og helseinnovatør? Meld deg på vårt Kurs 3 – Innovasjon for professorar og leiarar og lær korleis du kan gje livsvitskapsforskarar og klinikarar verktøy og innsikt i korleis dei kan drive med innovasjon.

For: Førsteamanuensisar, universitetslektorar, professorar, gruppeleiarar, klinikarar, forskingskoordinatorar frå offentlege universitet eller sjukehus i Noreg, Sverige og Danmark. 30 deltakarar frå alle partnarlanda vil få plass.

Når: 12.–13. juni i København

Opptak: Basert på CV.

Program: Last ned program frå 2022 som eksempel på nettsida til Københavns Universitet

Kostnader: Kurset er gratis og alle utgifter til reise, mat og opphald blir dekte av skulen. Vi refunderer reiseutgifter på inntil 2000 DKK.

Søknadsskjema

Førstemann til mølla, frist 6. mai

Om kurset

  • Teori kombinert med praktiske eksempel
  • Undervisning med Jeff Skinner, London Business School
  • 2 dagar med deltaking i København
  • Flott moglegheit for nordisk nettverksbygging
  • Alle kostnader blir dekte av Helseinnovatørskulen

Om skulen

Helseinnovatørskulen vart etablert av Universitetet i Oslo. I dag blir skulen drive i samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Karolinska Institutet, Norges teknisk-naturvitskaplege universitet og Københavns Universitet.

Ved Universitetet i Oslo har innovasjonseininga Veksthuset for verdiskaping ansvar for skulen.

Sponsa av Novo Nordisk Fonden.

Publisert 8. apr. 2024 13:55 - Sist endret 8. apr. 2024 13:58