Målet til Veksthuset for verdiskaping er at resultat frå forsking skal bli teken i bruk til nytte for pasientar og samfunnet. Derfor jobbar vi for å styrke innovasjonskulturen ved UiO.
Veksthuset hjelper forskarar ved UiO med å modne innovasjonsidear i tidleg fase, både kommersielle og ikkje-kommersielle idear. Vi byr på skreddarsydd rettleiing, såkornmidlar, mentorar, innovasjonskurs og møteplassar for akademia og næringsliv.
Frå 6. august finn du oss i felt 7 plan 2 i Livsvitskapsbygningen. Der kjem vi tettare på mange av forskarane vi hjelper, og kan lettare bidra til at kompetanse og infrastruktur ved Universitetet i Oslo blir tilgjengeleg for eksterne samarbeidspartnarar.
Veksthuset kjem til å bruke Livsvitskapsbygningen til innovasjonskurs og møteplassar for akademia og næringsliv. Vi tek spesielt ansvar for at innovasjonslokala i bygningen – slik som skaparverkstaden – har aktivitetar og tilbod som gjer at vi får meir innovasjon ved UiO. Vi kjem òg til å vere ute i forskingsmiljøa i bygningen for å gjere forskarar merksame på tenestene våre og rettleie dei i innovasjonsprosessen. Vi har eit stort nettverk både internt og eksternt og kan legge til rette for samarbeid mellom forskarar og næringsliv.
Ta kontakt med norunnt@uio.no dersom du vil besøke oss i Livsvitskapsbygningen til hausten!
Livsvitskapsbygningen
- felles bygg for leiande universitets- og sjukehusmiljø innan livsvitskap som skal sikre Noreg internasjonal konkurransekraft
- er på 97 500 kvadratmeter og er Noregs største universitets- og sjukehusbygg
- har kostnadsramma på 13,6 milliardar kroner med brukarutstyrsprosjekt på 1,4 milliardar kroner
- er Noregs mest moderne, største og viktigaste bygg for forsking, undervisning og innovasjon innan kjemi, farmasi, biovitskap, medisin og livsvitskap
- innflyttinga i starta i mars 2026 og skjer stegvis i 2026 og 2027
