English version of this page

Nyheitsbrev februar 2024

Veksthuset for verdiskaping – UiO si innovasjonseining for livsvitskap, helse og teknologi.

Utlysing: Såkornmidlar for innovative UiO-forskarar – søk innan 4. april

Forskar med ide som får rettleiing, såkornmidlar og mentor

Har du ein innovativ idé til eit nytt produkt eller ei teneste basert på eiga forsking, men treng finansiering for å vidareutvikle idéen? Søk om såkornmidlar frå oss. 

Utlysinga er for vitskapleg tilsette, klinikarar, postdoktorar, PhD-kandidatar som er i) tilsette ved UiO og ii) har ein innovativ idé eller jobbar med teknologi eller teneste i tidleg fase.

I denne runden har vi sett av 1,5 millionar norske kroner. Du kan søke om såkorn I på 50 000 kroner eller såkorn II på maksimalt 200 000 kroner.

Sjå utlysinga og søknadskriterium og søk

Søknadsfrist: 4. april.

Studentinnovasjonsprogrammet Co-Create lansert – søk innan 28. februar

Logo Co-Create med logo til samarbeidspartnarar på engelsk

Co-Create handlar om å hjelpe studentar med å gjere store idear om til verkelege løysingar på verkelege problem. Studentar i Oslo-regionen som er nysgjerrige på oppstartsselskap og entreprenørskap eller berre likar å løyse problem, kan søke om å delta.

Co-Create er ope for studentar frå Universitetet i Oslo (UiO), BI, OsloMet, Kristiania og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Målet er å etablere fleire oppstartsbedrifter. Programmet har fått støtte frå Innovasjon Noreg.

Programmet blir sparka i gang med workshopar 11.–15. mars. Tema er Calm Tech Futures og Medicine, AI and Dignity. 

Klart for ny runde av Aleap bootcamp – søk innan 15. mars

Har du ein idé til ei helseløysing? Søk om plass på Aleap sin bootcamp og lær om vegen frå idé til marknad, korleis utarbeide verdiforslag, regulatorisk godkjenning og immaterielle rettar, korleis skaffe finansiering, forretningsutvikling og pitching.

Datoar: 10., 11., 24. og 25. april samt 6. mai

Veksthuset for verdiskaping og UiO og OUS sitt teknologioverføringskontor Inven2 er partnarar. Veksthuset vel òg ut prosjekt frå eigen innovasjonsprosjektportefølje. Desse får rettleiinga frå Veksthuset sine innovasjonsrådgivarar gjennom heile bootcampen. Senior innovasjonsrådgivar i Veksthuset, Beate Rygg Johnsen (på bildet), underviser i Design Thinking på bootcampen. Dette er ein metode for å utvikle produkt med utgangspunkt i brukarane sine behov. 

Ledig stilling i MATRIX kopla til Veksthuset – søk innan 17. mars

MATRIX – Nasjonalt forskingssenter for klinisk kreftbehandling – har lyst ut ei stilling som professor II/førsteamanuensis (20 % stilling for 4 år) innan kreftmedisin ved Institutt for kliniske medisin ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo. Den som får jobben, skal samarbeide med oss i Veksthuset for verdiskaping og vil være mentor for innovasjonsprosjekt innan onkologi, spesielt gjennom helseinnovatørskulen vår.

Veksthuset på Livsvitskapskonferansen 2024

Hilde Nebb på scena

På Livsvitskapskonferansen 2024 13.–14. februar med tittel Unlocking the Potential of Health Data, var Veksthuset for verdiskaping medarrangør av ein plenumssesjon der direktøren vår Hilde Nebb (på bildet) var ein av innleiarane.

Les meir om sesjonen basert på oppsummering frå ein av medarrangørane våre The Life Science Cluster (engelsk)

We're thrilled to share highlights from the plenary session on 'Attracting investments and talents to build Norway’s Life Science Industry'.

  • The session was hosted by The Life Science Cluster, the UiO Growth House, Norway Health Tech, Oslo Science City, and the Association of the Pharmaceutical Industry in Norway (LMI). Attendees delved into what global industry leaders are looking for when they invest, how to cooperate strategically in the global competition for investments, and concrete examples of strong investment areas in Norway.
  • Keynote speaker Jan Christian Vestre, Minister of Trade and Industry, gave a talk on how to attract investments to Norway.
  • Follow the Science – Making the case for Norwegian Research and Innovation – we heard an engaging talk from Hilde Nebb from, UiO Growth House, followed up with a dialogue with Alexandra Bech Gjørv (SINTEF), and Kjetil Tasken (Oslo University Hospital & the University of Oslo/University of Oslo )
  • Oslo City's Department for Culture and Business Development, led by Øyvind Såtvedt, and DNB's EVP Business Banking Norway, Rasmus Aage Tidemand Figenschou, gave us insight on how to attract talent and investments.
  • Guro Bjøntegaard (AstraZeneca), Magnus R. Björsne, PhD, MBA, Assoc. Prof. (BioVentureHub), Christine Wergeland Sørbye (Oslo Science City), and Ketil F. Widerberg (Oslo Cancer Cluster) presented a new collaboration agreement between AstraZeneca, Oslo Cancer Cluster, and Oslo Science City, which aims to strengthen the Nordic healthcare industry by facilitating closer collaboration between researchers, start-ups, and pharmaceutical companies.
  • Participants also explored the power of global partnerships through Nordic cooperation, with speakers such as Hanne Mette Kristensen (The Life Science Cluster), Henrik Ullum (Statens Serum Institut), Anette Steenberg (Medicon Valley Alliance), and Johanna Lidén (AstraZeneca).
  • During the session, Hanne Mette Kristensen (The Life Science Cluster), announced the collaboration 'Life Science Academy for Start-ups'. The project will develop and offer a 360-degree product development program for start-ups within life science, which ensures an early and structured effort in each product development phase. It is the project’s goal to strengthen the innovation capacity of start-ups in the Öresund-Kattegat-Skagerrak area, by ensuring that marketable products are fully developed, which in the long term creates increased survival, growth, and scalability among participating start-ups.
  • Moderators: Idar Kreutzer (NHO) and Filippa Kull (Stockholm Science City).

Hald av datoar for komande arrangement

25. september arrangerer vi innovasjonskonferansen Science Impact for andre gang saman med ei rekke interne og eksterne partnarar. Konferansen er ein del av Oslo Innovation Week.

Vi jobbar òg med innovation hangout, impact breakfast og Arendalsuka. Datoane blir lagt ut på nettsida vår så snart dei er på plass.

To personer som diskuterer

Kontakt oss om du har ein innovasjonsidé i tidleg fase!

Vi byr på skreddarsydd rettleiing og støtte, inkludert såkornmidlar på inntil 200 000 kroner. Ta kontakt med oss dersom du vil diskutere korleis du kan gå vidare med innovasjonsidéen din i tidleg fase.