Nyheitsbrev februar 2025
Veksthuset for verdiskaping – UiO si innovasjonseining for livsvitskap, helse og teknologi.
Utlysing: Såkornmidlar for innovative UiO-forskarar – søk innan 20. mars
Har du ein innovativ idé til eit nytt produkt eller ei teneste basert på eiga forsking, men treng finansiering for å vidareutvikle idéen? Søk om såkornmidlar frå oss.
Utlysinga er for vitskapleg tilsette, klinikarar, postdoktorar, PhD-kandidatar som er i) tilsette ved UiO og ii) har ein innovativ idé eller jobbar med teknologi eller teneste i tidleg fase.
I denne runden har vi sett av 1,5 millionar norske kroner. Du kan søke om såkorn I på 50 000 kroner eller såkorn II på maksimalt 200 000 kroner.
Sjå utlysinga og søknadskriterium og søk
Søknadsfrist: 20. mars
Bli med på UIIN Nordic Forum i Oslo 5.–6. mars
Veksthuset for verdiskaping er vertskap for UIIN Nordic Forum: Stronger Together – Driving Innovation Through Collaboration 5.–6. mars i Forskingsparken i Oslo.
Forumet vil samle leiarar og beslutningstakarar frå universitet, offentleg sektor og næringsliv for at dei skal dele erfaringar om beste praksis knytt til forskings- og utviklingssamarbeid og å diskutere korleis ein kan vidareutvikle partnarskapa sine for å løyse samfunnsutfordringar.
Sjå innleiarane og program og meld deg på via UIIN si nettside.
University Industry Innovation Network (UIIN) er eit globalt nettverk som har som mål å bidra til endring i høgare utdanning gjennom forsking, opplæring, institusjonsutvikling og arrangement der medlemane kan dele erfaringar.
Podcast med Veksthuset
I forbindelse med arrangementet i mars, stilte Veksthuset på digital fireside chat i januar: Oslo’s innovation ecosystem: Insights from the UiO Growth House. Podcasten som er laga frå denne, kan du høyre på Spotify.
Ny teneste: Innovasjonskaffitid
Denne våren får forskarar ved tre institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet – biovitskap, kjemi og farmasi – tilbod om innovasjonsrettleiing frå Veksthuset for verdiskaping ved eige institutt ein ettermiddag i månaden.
Du kan kome innom eller avtale eit møte for å diskutere innovasjonsidéar med Ellen Johanne Kleveland og Katja D. Mjøs eller få informasjon om kurs og finanseringsmoglegheiter. Forskarar frå andre institutt kan òg kome innom.
Studentinternship-programmet Momentum: «En bro mellom startups og unge talenter»

«Startups trenger skarpe hoder, og studenter trenger praktisk erfaring. Momentum ved Universitetet i Oslo er et studentdrevet internship-program som kobler gründere med unge talenter som ønsker å sette kunnskap ut i praksis. I år mottok programmet hele 336 søknader til en rekke stillinger.»
- Les innlegg på shifter.no av Marian Stubø Solbak. Ho er tilsett i Veksthuset for verdiskaping for å leie studentinternship-programmet Momentum.
- Les mer om Momentum på vår engelske nettside.
Meld deg på innovation hangout for akademia og næringsliv 3. april
Med innovasjonsmøteplassen innovation hangout for akademia og næringsliv ønskjer vi å inspirere, gje sjølvtillit og kunnskap om innovasjonsprosessar og legge til rette for samarbeid som gjer at forsking blir teken i bruk og kjem pasientar og samfunnet til nytte.
Stad: Forskingsparken i Oslo
Tid: kl. 17–20
Samarbeidspartnarar: Oslo Cancer Cluster og Oslo Cancer Cluster Incubator.
Hald av datoane for møteplassar for akademia og næringsliv
4. september: Innovation hangout
Stad: Forskingsparken i Oslo
Tid: kl. 17–20
Samarbeidspartnarar: The Life Science Cluster og Nansen Neuroscience Network
22. oktober: Innovasjonskonferansen Science Impact
Vi arrangerer innovasjonskonferansen Science Impact for tredje gang saman med ei rekkje interne og eksterne partnarar. Konferansen er ein del av Oslo Innovation Week.
Stad: Forskingsparken i Oslo
Tid: kl. 8–17
Kontakt oss om du har ein innovasjonsidé i tidleg fase!
Vi byr på skreddarsydd rettleiing og støtte, inkludert såkornmidlar på inntil 200 000 kroner. Ta kontakt med oss dersom du vil diskutere korleis du kan gå vidare med innovasjonsidéen din i tidleg fase.
Følg oss på LinkedIn
Publisert: 19. februar 2025.