Nyheitsbrev januar 2026
Veksthuset for verdiskaping – UiO si innovasjonseining for livsvitskap, helse og teknologi.
Bli med på innovasjonskurs i vår!
Vil du lære korleis du identifiserer ein god innovasjonsidé frå forskingsdata? Søk i dag for å sikre deg plass på eitt av dei to foundation level idea-kursa vi held i vår:
- 5. februar kl. 09.15–13.15, påmeldingsfrist 26. januar
- 24. mars kl. 12–16, påmeldingsfrist 15. mars
Kurset er eit perfekt startpunkt for alle som er nysgjerrige på innovasjon. Vi bruker designtenking for å introdusere deg for innovasjonsprosessen. Kurset er ope for alle tilsette ved alle fakultet.
Veksthuset for verdiskaping har innovasjonskurs på fleire nivå. Kursa skal auke kompetansen om innovasjon, styrke innovasjonskulturen ved UiO og bidra til at meir kunnskap frå forsking blir teken i bruk. Kurset Step-up level – Idea to Innovation (I2I) der du lærer korleis du gjer idéen din om til eit vellykka innovasjonsprosjekt, er planlagt seinare i 2026.
Bli med på møteplassane våre for akademia og næringsliv
28. januar: Impact Breakfast
I Forskningsparken i Oslo kl. 8–10.
Tema: Investerbare prosjekt.
Med blant andre Maria Vistnes, Klyv Therapeutics; Jonas Hallén, Calluna Pharma; Veksthuset for verdiskaping; og Aleap Ventures.
I samarbeid med Forskningsparken i Oslo og SINTEF.
10.–11. februar: Livsvitskapskonferansen 2026 – Investeringar for framtida
Korleis kan vi med utgangspunkt i fagområde med forsking i verdsklasse legge til rette for kunnskapsbasert innovasjon, ei konkurransedyktig livsvitskapsnæring og verdiskaping?
Veksthuset for verdiskaping arrangerer sesjonen Livsvitskapsbygget: nye moglegheiter for forskingsdriven verdiskaping gjennom samarbeid som del av konferansen 11. februar. Der viser og diskuterer vi kva moglegheiter det nye bygget gir for forsking, utdanning og innovasjon og korleis bygget blir en ressurs regionalt og nasjonalt og for heile innovasjonsøkosystemet i Oslo Science City og slik vil bidra til verdiskaping for samfunnet.

9. april: Innovation Hangout
I Forskningsparken i Oslo kl. 17–20.
Program med inspirasjonsinnlegg, rollemodellinnlegg og firma kjem.
Les meir om arrangementet og meld deg på.
I samarbeid med Norway Health Tech.
21. oktober: Science Impact
UiO sin innovasjonskonferanse Science impact – tomorrow's solutions start today. Del av Oslo Innovation Week 2026.
I samarbeid med innovasjonsøkosystemet i Oslo.
Studentinnovasjon
For å styrke innovasjonskulturen ved UiO, har Veksthuset for verdiskaping fleire innovasjonstenester for studentar i innovasjonslokalet UiO iHub i Forskningsparken i Oslo.
Studentinnovasjons-programmet Co-Create som Veksthuset for verdiskaping driv saman med OsloMet, BI og Kristiania sparkar i gang Co-Creator Cup 22. januar.
Studentinternship-programmet Momentum UiO arrangerer matchmaking for bedrifter og studentar 5. februar. Gjennom programmet blir studentar kjende med ulike karrierevegar der dei kan bruke kunnskapen og kompetansen sin. Bedrifter på si side, får tilgang på smarte, hardtarbeidande studentar som er interesserte i å lære og bidra.
Les meir om internship-programmet og meld deg på som student eller bedrift.
Tenesta innovasjonskaffitid fortset
Forskarar ved tre institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet – biovitskap, kjemi og farmasi – får òg i vår tilbod om innovasjonsrettleiing frå oss ved eige institutt.
Du kan kome innom eller avtale eit møte for å diskutere innovasjonsidéar eller få informasjon om kurs og finansieringsmoglegheiter.
For Veksthuset har dette blitt ein god måte å kome i kontakt med forskarar. Forskarar frå andre institutt kan òg kome innom.
Les meir om tenesta, og sjå kvar og når du kan møte innovasjonsrådgjevarane.
Tips oss!
Har du fått støtte frå oss og har noko nytt frå prosjektet du vil dele med andre? Send e-post til norunnt@uio.no for å kom med i nyheitsbrevet.
Kontakt oss om du har ein innovasjonsidé i tidleg fase!
Vi byr på skreddarsydd rettleiing og støtte, inkludert såkornmidlar på inntil 200 000 kroner. Ta kontakt med oss dersom du vil diskutere korleis du kan gå vidare med innovasjonsidéen din i tidleg fase.
Følg oss på LinkedIn
Publisert: 13. januar 2026