English version of this page

Nyheitsbrev september 2024

Veksthuset for verdiskaping – UiO si innovasjonseining for livsvitskap, helse og teknologi.

Meld deg på innovasjonskonferansen Science Impact 25. september

Klikk på pilene på sidene for å bla i bildekarusellen og sjå alle dei flotte innleiarane på kvar enkelt sesjon.

science-impact-2024

Stad: Forskingsparken i Oslo
Tid: kl. 8–17

Innovasjonskonferansen Science Impact 2024 – tomorrow's solutions start today 25. september er ein møteplass for akademia, sjukehus, instituttsektoren, offentleg sektor, oppstartsselskap og næringsliv. Tema i år er kunstig intelligens innan livsvitskap og energi.

På denne konferansen fokuserer vi på initiativ i akademia og næringsliv og behovet for samarbeid og rammevilkår som trengs for at forsking skal bli teken i bruk til nytte for pasientar og samfunn.

Sjå oversikt over sesjonar og innleiarar, og meld deg på

Program

08:00–08:30: Registration and breakfast

08:30–10:00: Impact Breakfast: The world of AI across life sciences and energy
10:00–10:30: Networking
10:30–12:00: Parallel sessions on AI in life sciences and energy & digitalisation

  • AI for better solutions for mental health
  • Energy systems and digitalisation – value chain from research to commercialisation

12:00–13:00: Networking and lunch
13:00–14:30: Parallel sessions on AI in life sciences and energy & digitalisation

  • AI in diagnostics and treatment – from molecules to images
  • Energy and resource requirements for digitalization

14:30–15:00: Networking
15:00–16:30: Impact afternoon: Sustainability aspects of the use of AI across life sciences and energy
16:30–17:00 Networking

Hovudarrangør: Veksthuset for verdiskaping​
Interne partnarar: UiO:Energi og miljø, dScience, Det medisinske fakultet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Det samfunnsvitskaplege fakultet
Eksterne partnarar: Inven2, SINTEF, Oslo universitetssjukehus, Oslo kommune, LMI, Oslo Cancer Cluster, Oslo Cancer Cluster Incubator, The Life Science Cluster, Oslo Science City ​og Forskingsparken​.

Konferansen er ein del av Oslo Innovation Week.

Innovasjonsmøteplassar for akademia og næringsliv

Med innovasjonsmøteplassen innovation hangout for akademia og næringsliv ønskjer vi å inspirere, gje sjølvtillit og kunnskap om innovasjonsprosessar og legge til rette for samarbeid som gjer at forsking blir teken i bruk og kjem pasientar og samfunnet til nytt.

Innovation hangout 10. oktober

Stad: Forskingsparken i Oslo
Tid: kl. 17–20

Program

  • Inspirational talk: Erik Fosse, MD, PhD, CEO, Norwac; Professor emeritus, University of Oslo; former head of the Intervention Centre, Oslo University Hospital
  • Role model talk: Egidijus Pelanis, MD, PhD, the Intervention Centre, Oslo University Hospital
  • Pitches from companies
  • Matchmaking
  • Food and beverages, and mingling

Samarbeidspartnarar: Den opne innovasjonsarenaen Health2B i Forskingsparken i Oslo og Intervensjonssenteret ved Oslo universitetssjukehus.

Sjå program, og meld deg på

Innovation hangout 5. desember

Stad: Forskingsparken i Oslo
Tid: kl. 17–20

Det blir inspirasjonsinnlegg av Jonas Hallén, Calluna Pharma, rollemodellinnlegg av Simone Mester, Authera, og matchmaking med bedrifter.

Samarbeidspartnar: The Life Science Cluster

Påmeldinga opnar på arrangementsnettsida i oktober. Hald av datoen!

Studentinnovasjon

Faksimile MedWatch

Veksthuset sitt arbeid med studentinnovasjon, og spesielt internshipprogrammet der studentar får sommarjobb i bedrifter, er omtalt i MedWatch som har intervjua innovasjonsrådgjevaren Nicolay Bérard-Andersen.

Internship-programmet blir drifta av Studentforeininga for medisinsk innovasjon (SMI) og Studentforeininga for farmasøytisk innovasjon (SFI). Studentar ved Det medisinske fakultet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Det utdanningsvitskaplege fakultet kan delta. Planlegginga for 2025 er i gang, og informasjon kjem på programmet si nettside etter kvart.

Søk på bootcamp og innovasjonsprogram

Aleap bootcamp

Veksthuset for verdiskaping er saman med UiO og OUS sitt teknologioverføringskontor Inven2 partnarar på helseinkubatoren Aleap sin bootcamp for innovasjonsprosjekt og oppstartsselskap. Her lærer du om vegen frå idé til marknad med tema innan utarbeiding av verdiforslag, regulatorisk godkjenning og immaterielle rettar, skaffe finansiering, forretningsutvikling og pitching. 

UiO:Livsvitskap sitt innovasjonsprogram SPARK Norway

Har du ein idé innan livsvitskap som kan løyse utfordringar knytt til menneske eller dyr si helse? Søk opptak til innovasjonsprogrammet SPARK Norway og lær korleis du kan vidareutvikle innovative idear til ny teknologi, behandling eller teneste.

Merk at idear i alle fasar, frå tidleg til meir utvikla, er kvalifiserte, men nokre foreløpige data (proof-of-principle) blir kravd. For idear som ikkje har førebelse data, anbefaler UiO:Livsvitskap prosjektleiarane å kontakte Veksthuset for verdiskaping. Vi tilbyr lavterskel-innovasjonstenester inkludert 1:1-rettleiing, kurs og møteplassar og kan bidra til å utvikle prosjektet ytterlegare, før ein søkjer SPARK Norway.

To personer som diskuterer

Kontakt oss om du har ein innovasjonsidé i tidleg fase!

Vi byr på skreddarsydd rettleiing og støtte, inkludert såkornmiddel på inntil 200 000 kroner. Ta kontakt med oss dersom du vil diskutere korleis du kan gå vidare med innovasjonsidéen din i tidleg fase.

Publisert 4. september 2024