Endringar

Endringar av personinformasjon

Endrar ein person informasjon om seg sjølv i folkeregisteret, som namn og fødselsnummer, skal dette registrerast i det kildesystemet personen vart oppretta i, dvs. i personalsystemet SAPUiO eller studentregisteret FS. Ved neste import frå kildesystema vil endringa vere registrert i Cerebrum.

Endring av brukarnavn

Brukarnavn endrast ikkje. Med særskilde årsaker kan ein sende e-post til brukerreg[at]usit.uio.no med god begrunning.

Endring av primærtilknytting

Alle personar med fleire tilknyttingar har tilgang til å overstyre kva tilknytting som skal vere primær. Dette styrast av personen sjølv i Brukerinfo - alternativt i bofh med kommandoen:

bofh> trait set entity_id:PERSONID primary_aff strval=TILKNYTTING/STATUS@OU

Til dømes:

bofh> trait set entity_id:12345 primary_aff strval=ANSATT/vitenskapelig@152500

Av og til har personar gløymd at dei har satt på overstyring. Dette skaper forvirring når personen får andre tilknyttingar, som ikkje trer i kraft grunna overstyringa. Lokal IT kan fjerne slike overstyringar med kommandoen:

bofh> trait remove entity_id:PERSONID primary_aff
Publisert 21. mai 2010 10:07 - Sist endret 4. des. 2017 14:01