Kva er ein aktiv student?

Definisjonen på ein aktiv student, sett frå IT sitt perspektiv. Dette er krava som må oppfyllast for å få IT-tilgang som student.

Ein student definerast som aktiv når følgande minstekrav er oppfyld:

  • Er semesterregistrert
  • Oppfyller minst eitt av kriteria:
    1. Følger eit studieprogram, som betyr:
      • Har gyldig studierett på studieprogram utan krav om utdanningsplan, og
      • Er meldt til vurdering i eit emne som kan inngå i dette studieprogrammet.
    2. Følger ein utdanningsplan, som betyr:
      • Har gyldig studierett på studieprogram med krav om utdanningsplan, og
      • Utdanningsplan er lagra for inneværande semester.
    3. Er emnestudent, dvs. har minst ei gyldig undervisningsmelding i inneværande semester.
    4. Har avlagt eksamen i eit emne som kan inngå i eit studieprogram ein har, eller har hatt, opptak til i inneværande semester.

Merk at privatistar får samme IT-tilgangar som aktive studentar.

Merk: Doktorgradsstudentar har berre krav om gyldig studierett. Dei har ikkje krav om å vere semesterregistrerte.

Publisert 5. mai 2010 13:04 - Sist endret 12. okt. 2017 14:24