Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for endodonti.
Emnet er obligatorisk.

Spesialisteksamen i endodonti blir gjennomført i 6. semester. Oppmelding føreset bestått klinisk praksis og dessutan innlevert og godkjent spesialistoppgave.

Kva lærer du?

Hovudmålet er at kandidaten skal oppnå den kunnskapen og ferdigheitene som trengst i rolla som endodontist, Kandidatene blir kontinuerleg tildelt pasientbehandling og fordeling av pasientar blir gjord etter kompetansenivå.

Læringsmål

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg gode kunnskapar om

  • ulike ikke-endodontiske diagnosar, både odontogene og ikkje odontogene som kan gi opphav til tilsvarande kliniske symptomer
  • dei basalbiologiske og kliniske aspekt ved odontogene og ikkje odontogene akutte og kroniske smertetilstandar i munnhòle og kjeve

og ferdigheiter/evne til å

  • gjennomføra utgreiing og diagnostisering av ekstraordinære orale smertetilstandar der dental årsak ikkje kan utelukkes
  • sjølvstendig kunna utføra all endodontisk behandling med forventa spesialist ekspertise

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i endodonti som har gjennomført og bestått alle forutgåande emne som krevst innan valgte fagretning.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på emnet OD8250 ved spesialistutdanninga i endodonti.

Undervisning

Spesialistprogrammet i odontologi er eit heiltidsstudium. Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Arbeidsform: Seminar, gruppeundervisning, kurs og klinisk praksis.

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga.

Obligatorisk arbeidskrav

Kandidaten skal gjennom heile studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlegestudentane som føregår på Klinikk for allmenn voksen, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.

Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Sjå om læringsmappe og vurderingsmappe under Evalueringsformer og eksamen.

Avsluttande praktisk, munnleg eksamen

Etter fullført utdanning tek du ein praktisk muntleg eksamen før du mottek vitnemål for gjennomført spesialiststudium. 

Søknad om framstilling til eksamen

Søknad frå fagavdelinga om at du skal få høve til å framstille deg for avsluttande eksamen, må vere fakultetet i hende seinast seks veker før eksamen. Med søknaden skal det følgje ei oversikt over:

  • klinisk verksemd (dokumenterte, behandla kasus)
  • kursbevis
  • klinisk vurderingsmappe for utført spesialistarbeid
  • melding frå vedkommande fagavdeling om at utdanninga blir rekna som fullført i samsvar med vedtekne krav. 

Fakultetet skal gi skriftleg melding til ein kandidat som ikkje kan få framstille seg til eksamen.

Eksamenskommisjon

Forslaget fagavdelinga har til eksamenskommisjon skal leggjast ved søknaden om framstilling til eksamen, med stadfesting på at sensor har sagt seg villig til å ta oppdraget. Dersom eksamen medfører utgifter til reiser, opphald m.m. som blir søkt dekt, må dette oppgivast i søknaden.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
30
Eksamen
Kvar vår
Undervisningsspråk
Norsk