KRIS1234 – Mystikk, riter og fromhetstradisjoner i spenningen mellom tradisjonell kristendom og nyreligiøsitet

Kort om emnet

Kva er spiritualitet? Kva vil det seie å ha mystiske erfaringar og opplevingar? Kan vi seie noko teologisk om slike erfaringar? Og kan desse erfaringane seie noko om teologien? Under samlenemninga nyreligiøsitet finn vi ei blanding av religion, populærvitskap, psykologi, riter og meditasjon. Parallelt med, men også som ei del av dette fenomenet opplever vi ei aukande interesse for dei meir mystiske og spirituelle sidene ved den kristne trua, både som eit supplement til og ein protest mot meir tradisjonelle former for kristen tru og teologi. Dette leier oss inn i kurset sitt tema.

Kva lærer du?

Kurset vil gje kjennskap til mystikk- og fromleikstradisjonar i spenninga mellom tradisjonell kristendom og nyreligiøsitet. Samanhengen mellom mystikk, fromleik og teologi vil bli drøfta gjennom sentrale eksempel frå fortida og samtida.

Opptak og tilgangsavgrensing

Det kan innvilges enkelteemneopptak til emnet for søkere med relevant faglig bakgrunn. Kortfattet søknad sendes info@teologi.uio.no. Vennligst oppgi fødsel- og personnummer og fagbakgrunn. Søknad må foreligge i rimlig tid før fristen for smesterregistrering 1. februar/1.september.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Undervisning

Undervisninga vil bestå av forelesningar ved Granseminaret 14. - 16. september. Seminaret vil bli fulgt opp av ei samling på Det teologiske fakultet, samt arbeid i ClassFronter.

Obligatorisk aktivitet: Deltagelse på seminaret 14. - 16. september.

Eksamen

Essay på mellom 2000 og 4000 ord.

Anna

Det er ein egendel på kr. 400,- for Granseminaret.

Av Granforelesningane kan nemnast:

  • Notto R. Thelle: Buddhistisk fromleikspraksis mellom meditasjon og tilbedning
  • Anne Anita Lillebø: Meditasjon som fromleikspraksis i Emmaus-arbeidet
  • Jan Schumacher: Kristen mystikk i sein mellomalder og tidleg nytid
  • Eivor Andersen Oftestad: Kult og fromleik
  • Oddbjørn Leirvik: Nedbøygd og oppreist; nokre kristen-muslimske refleksjonar om religiøst kroppsspråk
  • Roger Jensen: Dagleglivet som fromleikspraksis hos Martin Luther
  • Berge Furre: Fromleik i Haugianarrørsla

Atterhald om endringar av programmet.

Fakta om emnet

Studiepoeng
5
Undervisning

Høsten 2004

Eksamen

Høsten 2004

Undervisningsspråk
Norsk

Kontakt

TF-infosenter