På UiO sin årlege innovasjonskonferanse Science Impact fokuserer vi på moglegheitene som ligg i samarbeid mellom akademia og næringsliv og rammevilkår som trengs for at forsking skal bli teken i bruk til nytte for pasientar og samfunn.
I år hadde vi sesjonar om beredskap; immunterapi og kreft; rein produksjon av energi og produkt; autoimmune sjukdomar; og kvanteteknologi og framveksande teknologiar.
For første gong arrangerte vi pitsjekonkurranse for unge talent. Den vart vunnen av Amanda Frøynes frå oppstartsselskapet Outrun som fekk talentprisen for Science Impact 2026.
Sjå video med bilde av alle dei flotte innleiarane som var på scena (< 3 minutt med musikk):
Konferansen var ein del av Oslo Innovation Week 2026.
Arrangørar
- Hovudarrangør: Veksthuset for verdiskaping
- Interne partnarar UiO: Det medisinske fakultet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, UiO:Energi og miljø og Senter for global berekraft.
- Eksterne partnarar: Inven2, SINTEF, LMI, Oslo Cancer Cluster, Nansen Neuroscience Network, Oslo universitetssjukehus, Forskingsparken i Oslo og Kunnskapsbyen i Oslo