Innovasjonseininga Veksthuset for verdiskaping hjelper forskarar ved Universitetet i Oslo med å modne innovasjonsidear i tidleg fase. Som eit ledd i dette lyser vi kvart år ut såkornmidlar for forskarar.
Til utlysinga i haust fekk Veksthuset inn 44 kvalifiserte søknader – 15 til såkorn I der maksbeløpet er 50 000 kroner, og 29 til såkorn II der maksbeløpet er 200 000 kroner. Av desse får 14 såkorn I på 50 000 kroner og 5 såkorn II på 200 000 kroner – til saman 1,7 millionar kroner.
I prosjekta som får såkorn II, jobbar forskarane med å utvikle behandling av faste svulstar, resistent sopp, blodkreft og betennelse samt å prøve ut ein ny type fiskefôr.

– Den viktigaste oppgåva til Veksthuset for verdiskaping er å jobbe for å styrke innovasjonskulturen. Då har vi sett at sjølv små summar som 50 000 kroner, kan være viktig for å komme i gang med å modne ein innovasjonsidé i tidleg fase, seier innovasjonsdirektør i Veksthuset Hilde Nebb.
Dette var femte året Veksthuset for verdiskaping lyste ut såkornmidlar. Alle søkjarane får no tilbod om oppfølging frå innovasjonsrådgjevarane i Veksthuset.
Søknadane til såkorn II er vurderte av eit panel med representantar frå inkubatorane Aleap og ShareLab i Forskingsparken i Oslo, Oslo Cancer Cluster Incubator, SINTEF og innovasjonsprogrammet SPARK samfunnsinnovasjon ved UiO. Søknadane til såkorn I er vurderte av innovasjonsrådgjevarane i Veksthuset for verdiskaping.
Prosjekt som får støtte
Denne gongen kjem alle forskarane som har fått støtte, frå Veksthuset sine eigarfakultet – Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN) og Det medisinske fakultet (MED).
Prosjekttittel, prosjektleiar, fakultet, institutt/senter – i alfabetisk rekkefølgje ut frå fornamn på prosjektleiar.
Såkorn II 200 000 kroner
- Cereal-leaf Protein for Aquafeed
Camila Esguerra, MED, Norsk senter for molekylær biovitskap og medisin (NCMBM) - Bridging the metabolic mismatch between CAR T cells and solid tumors
Emma Berge, MED, Institutt for medisinske basalfag - A new class of compounds that restores the potency of existing antifungal drugs against resistant fungi
Jorrit Enserink, MN, Institutt for biovitskap - Succiplus: development of a succinate analogue suitable for therapeutic applications
Lorena Arranz, MED, Institutt for klinisk medisin - First-in-Class Pro-Resolution Activators
Trond Vidar Hansen, MN, Farmasøytisk institutt
Såkorn I 50 000 kroner
- A Modular Drug Delivery Platform for On-Demand Assembly of RNA Therapeutics
Ahmed Amer, MN, Farmasøytisk institutt - New oxide families for PGM capture
Anja Olafsen Sjåstad, MN, Kjemisk institutt - PRIORITY
Carl Tollef Solberg, MED, Institutt for helse og samfunn - Can cognitive functions be enhanced by natural substrates?
Farrukh Abbas Chaudhry, MED, Institutt for medisinske basalfag - Treatment of heart failure
Finn Olav Levy, MED, Institutt for klinisk medisin - Personalized Biomarker Patterns for Early Disease Detection
Glenn Kristiansen, MN, Institutt for informatikk - Personalized adjuvant treatment decision in Renal Cell Carcinoma
Helene Knævelsrud, MED, Institutt for medisinske basalfag - Inhaled siRNAs Targeting YAP and β-catenin for Idiopathic Pulmonary Fibrosis
Håvard Attramadal, MED, Institutt for klinisk medisin - POLARIS – Fluorescence-free super-resolution microscopy
Kay Oliver Schink, MED, Institutt for medisinske basalfag - NeuroPlacenta-on-chip
Ludivine Delon, MED, Institutt for medisinske basalfag - Liver-Slippery Nanovesicles for Enhanced Targeted Delivery
Marit Inngjerdingen, MED, Institutt for klinisk medisin - CARE-SENSE: Privacy-Preserving Multimodal AI for Personalized Human-State Awareness
Rabindra Khadka, MED, Institutt for klinisk medisin - HealthX – Serendipity Lab
Truls Erikson, MN, Institutt for informatikk - Non-contact ultrasound stimulator for cells in standard culture dishes
Xian Hu, MN, Institutt for biovitskap