English version of this page

Nyheitsbrev desember 2025

Veksthuset for verdiskaping – UiO si innovasjonseining for livsvitskap, helse og teknologi.

Ny innovasjonsteneste for medisinsk utstyr

Diagram trinn utvikling

Er du forskar ved UiO og utviklar medisinsk utstyr? Veksthuset for verdiskaping har utvikla rettleiingstenesta Medical Device Guidance som gir deg oversikt over prosessane du må gjennom for å imøtekome regulatoriske krav i EU trinn for trinn.

Første runde av nye innovasjonskurs vel gjennomført – bli med på komande kurs!

Bildet kan inneholde: grafikk.

Veksthuset for verdiskaping har innovasjonskurs på fleire nivå. Kursa skal auke kompetansen om innovasjon, styrke innovasjonskulturen ved UiO og bidra til at meir kunnskap frå forsking blir teken i bruk. Kursa er opne for alle tilsette. 

I haust har Veksthuset for verdiskaping gjennomført to nye innovasjonskurs. I IDEA-kurset i oktober identifiserte deltakarane ein idé med innovasjonspotensial frå eigne forskingsresultat. I Idea-to-Innovation (I2I)-kurset i november lærte dei korleis dei kunne utvikle idéen til eit godt innovasjonsprosjekt. På vegen fekk dei innsikt i innovasjonsverktøy innan designtenking, moglegheitsanalyse, innovasjonsstrategiar i akademia og pitsjing. Fleire av prosjekta jobbar framleis 1:1 med innovasjonsrådgjevarane i Veksthuset.

På bildet: Vinnarane frå den avsluttande pitsjekonkurransen Mohammad Nooraiepour, Siva Krishna Vagolu og Chira Dalla Santa. 

– Om ein av dei skulle sjå på deg som ein viktig interessent og invitere deg til å ta ein kaffi – sei JA!, seier kursansvarleg Kajta D. Mjøs.

Chira Dalla Santa, Siva Krishna Vagolu

Søk på komande kursa for å sikre deg ein plass

Foundation level – IDEA: Korleis identifisere ein god innovasjonsidé frå forskingsdataane dine

Har du nokon gong lurt på om det finst ein idé til eit innovasjonsprosjekt eller ei oppstartsbedrift gravd ned i forskingsdataane dine? Eller korleis du skal vite om idéen er god? Då kan dette vere kurset for deg.

Step-up level – Idea to Innovation (I2I): Korleis gjere idéen din om til eit vellykka innovasjonsprosjekt

Dette kurset er planlagt seinare i 2026.

Bli med på møteplassane våre for akademia og næringsliv

28. januar: Impact Breakfast

Banner Impact Breakfast

I Forskningsparken i Oslo kl. 8–10.

Tema: Investerbare prosjekt.

Med blant andre Maria Vistnes, Klyv Therapeutics; Jonas Hallén, Calluna Pharma og Joachim Paasche, Veksthuset for verdiskaping.

Sjå foreløpig program og meld deg på.

I samarbeid med Forskningsparken i Oslo og SINTEF.

9. april: Innovation Hangout

Banner innovation hangout

I Forskningsparken i Oslo kl. 17–20.

Program med inspirasjonsinnlegg, rollemodellinnlegg og firma kjem. 

Les meir om arrangementet og meld deg på.

I samarbeid med Norway Health Tech.

21. oktober: Science Impact

Banner Science Impact

UiO sin innovasjonskonferanse Science impact – tomorrow's solutions start today. Del av Oslo Innovation Week 2026.

Les meir om konferansen og registrer deg for å få beskjed når programmet er lagt ut og du kan melde deg på.

I samarbeid med innovasjonsøkosystemet i Oslo.

Livsvitskapskonferansen 2026: Investeringar for framtida

Korleis kan vi med utgangspunkt i fagområde med forsking i verdsklasse legge til rette for kunnskapsbasert innovasjon, ei konkurransedyktig livsvitskapsnæring og verdiskaping?

Veksthuset for verdiskaping arrangerer sesjonen Livsvitskapsbygget: nye moglegheiter for forskingsdriven verdiskaping gjennom samarbeid som del av konferansen 11. februar. Der viser og diskuterer vi kva moglegheiter det nye bygget gir for forsking, utdanning og innovasjon og korleis bygget blir en ressurs regionalt og nasjonalt og for heile innovasjonsøkosystemet i Oslo Science City og slik vil bidra til verdiskaping for samfunnet.

Innleiarar

 

Studentinnovasjon

Banner studentinitiativ UiO iHub: Co-Create, Insj, Momentum

For å styrke innovasjonskulturen ved UiO, har Veksthuset for verdiskaping fleire innovasjonstenester for studentar i innovasjonslokalet UiO iHub i Forskningsparken i Oslo. 

Studentinnovasjons-programmet Co-Create som Veksthuset for verdiskaping driv saman med OsloMet, BI og Kristiania, har fått fornya støtte frå Innovasjon Noreg. Målet er å få fleire oppstartsbedrifter og meir verdiskaping.

Les nyheitssak frå Innovasjon Noreg.

Besøk Co-Create si engelske nettside.

Studentinternship-programmet Momentum UiO arrangerer matchmaking for bedrifter og studentar 5. februar. Gjennom programmet blir studentar kjende med ulike karrierevegar der dei kan bruke kunnskapen og kompetansen sin. Bedrifter på si side, får tilgang på smarte, hardtarbeidande studentar som er interesserte i å lære og bidra.

Les meir om internship-programmet og meld deg på som student eller bedrift.

Studentforeininga Insj forvaltar Veksthuset sine midlar til studentinnovasjon. Studentar kan søke om 25 000 kroner til å vidareutvikle innovasjonside. Søknadsfrist: 10. januar.

Søk via nettskjema.

Nytt frå prosjekt som har fått støtte: Studentsatelitt ut i rommet

MUNIR-3 er bygget av Lyra og skytes opp med GHOST.

Sonderaketten Grand cHallenge MesOsphere Student rockeT (GHOST) som er eit samarbeid mellom Andøya og NASA vart skoten opp frå  Andøya i november. Den hadde med seg  småsatellittar og eksperiment bygd av studentar i Noreg, USA og Puerto Rico. Studentforeininga Lyra ved UiO har fått støtte frå Veksthuset for verdiskaping til sin del av prosjektet. Dei testar blant anna eit innovativt antennedesign.

Tips oss!

Har du fått støtte frå oss og har noko nytt frå prosjektet du vil dele med andre? Send e-post til norunnt@uio.no for å kom med i nyheitsbrevet.

Veksthus-teamet framfor juletre

God jul og godt nyttår frå Veksthus-teamet – vi ser fram til vidare samarbeid i 2026!

Kontakt oss om du har ein innovasjonsidé i tidleg fase!

Vi byr på skreddarsydd rettleiing og støtte, inkludert såkornmidlar på inntil 200 000 kroner. Ta kontakt med oss dersom du vil diskutere korleis du kan gå vidare med innovasjonsidéen din i tidleg fase.

Publisert: 16. desember 2025