Edvard Munch i Aulaen
Edvard Munchs 11 måleri i Universitetets aula i Oslo er den einaste utsmykkinga av målaren som framleis er i sin opprinnelege samanheng. Hovudbileta i Aulaen er Solen, Alma Mater og Historien.
|
Fotograf: Eirik Helland Urke |
|
Tittel på bileta i panoramavisninga, sett frå høgre frå inngangen og med klokka. |
||
|
1. Kjemien |
5. Våknende menn i lysflommen |
8. Menn vendt mot solen |
Edvard Munch og Aulaen
Aulaen blei oppført til Universitetets 100-årsjubileum i 1911. Salen blei planlagt for kunstnerisk utsmykking, med store veggflater og overlys.Utsmykkinga av salen var ein vanskeleg prosess, som i kunsthistorien blir omtala som 'Aulastriden'.
Først i 1914 fekk Edvard Munch (1863-1944) oppdraget, og i september 1916 var salen ferdig utsmykka. Munchs måleri i Universitetets aula er eit hovudverk innan norsk monumentalmåleri.
Besøk aulaen
I samband med Munch-året 2013 er Aulaen open for publikum i sommar.
2. juni - 13. oktober:
- Fredag, laurdag og søndagar frå
kl 13.00 - 17.00
Meir om bileta
- Les om kvart enkelt bilete i samlinga (pdf).
- Sjå også interiørbilete frå Aulaen