English version of this page

Vitnemål og grad

Vitnemål for fullført studieprogram

Når du har fullført eit studieprogram, får du vitnemål automatisk. Dersom du oppnår ein grad, får du også eit vitnemålstillegg på engelsk, diploma supplement.

Fritt samansett bachelorgrad

Dersom du fyller krava til ein fritt samansett bachelorgrad, må du sjølv bestille vitnemål. Du bestiller vitnemålet frå fakultetet der du har teke den faglege fordjupinga.

Karakterutskrift

Du kan dele resultata dine digitalt via Vitnemålsportalen eller bestille digital karakterutskrift i Studentweb.

Diploma supplement for eldre grader

Studentar som fekk vitnemål før ein tok til å leggje ved diploma supplement, kan bestille dette særskilt: skjema på bokmål / skjema på nynorsk.

Bekrefte vitnemål

Dersom arbeidsgjevarar eller andre er i tvil om eit vitnemål frå UiO er ekte, kan dei be om å få vitnemålet bekrefta.

Tapt vitnemål

Dersom vitnemålet ditt er tapt for godt, kan du søkje om å få nytt vitnemål.