FRA2305 – Idéologie et littérature française

Kort om emnet

Emnet gir ei innføring i forholdet mellom ideologi og litterær verksemd. Studentane lærer om forskjellige tilnærmingar til samfunn og litteratur, og vert medvitne kva rolle ideologi kan spele, både i utforminga og i forståinga av litterære tekstar. Tekstar frå ein eller fleire franske forfattarar vil bli vektlagt i undervisninga. 

Våren 2018 vil emnet omhandle forholdet mellom ideologi og litterær omsetting.

Kva lærer du?

 Når du har fullført dette emnet, kan du:

  • forklare kva for ei rolle ideologi speler i utforminga og forståinga av litterære tekstar
  • drøfte utvalde litterære verk knytte til ulike ideologiar
  • tolke utvalde litterære tekstar frå ein ideologisk medviten ståstad

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Gode skriftlege og munnlege evner i fransk. Det er ein fordel å ha tatt emne i fransk språk, litteratur, kultur og samfunn, og litteratur- og omsettingsteori.

Undervisning

Undervisninga består av ein dobbelttime seminar i 10 veker. Det er obligatorisk å levere inn eit førsteutkast på semesteroppgåva, og det er venta at studentane deltek aktivt i undervisninga. Det er obligatorisk oppmøte til 7 av 10 seminar for å kunne gå opp til eksamen.

Les her om regler for gyldig forfall og hvordan du søker om gyldig fravær eller utsettelse.

Eksamen

Eksamensforma på emnet er ei semesteroppgåve på 7-9 sider (à 2300 teikn utan mellomrom). Tema for oppgåva vert bestemt av studenten i samråd med faglærar. Oppgåva må innehalde kjeldetilvisningar og bibliografi.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Bachelor
Undervisning
Vår 2018
Eksamen
Vår 2018
Undervisningsspråk

Norsk og fransk