English version of this page

Sjuk på eksamen / utsett eksamen

Dersom du er sjuk eller har annan gyldig grunn til ikkje å ta eksamen, kan du få godkjent gyldig fråvær. Med gyldig fråvær brukar du ikkje eit forsøk, og du kan søkje om utsett eksamen.

Profesjonsstudiet i medisin har eigne reglar om utsett eksamen.

Kva er utsett eksamen?

Utsett eksamen er ein eksamen som vert arrangert for deg som er sjuk eller har annan gyldig grunn for fråvær på ordinær eksamen. Utsett eksamen vert halden innan utgangen av same semester eller i forkant av undervisningsstart i neste semester.

For emne som har eksamen kvart semester, kan studentar med gyldig fråvær bli viste til neste ordinære eksamen.

Ved heimeeksamen og innleveringar kan du i ein del tilfelle få utsett innleveringsfrist i staden for utsett eksamen.

Kva er gyldig fråvær?

Gyldig fråvær må vere dokumentert og kan bli godkjent på grunnlag av følgjande:

  • Sjukdom hos deg sjølv eller nokon du har omsorgsansvar for
  • Fødsel
  • Dødsfall i nær familie
  • Andre tungtvegande grunnar utanfor din kontroll

Andre tungtvegande grunnar utanfor din kontroll kan vere til dømes militærteneste, rettssaker eller politisk representasjon. Også idrettssamlingar eller kulturarrangement på høgt nivå kan bli godkjent.

Nervøsitet, søvnløyse, trafikkforseinkingar, private reiser eller tilsvarande gir ikkje rett til utsett eksamen. Ved lengre sjukdom i førebuinga til eksamen bør du vurdere å søkje permisjon.

Slik søkjer du

Ved skoleeksamen

1. Fyll ut søknadsskjema

Kryss av i skjemaet for om du berre leverer dokumentasjon for gyldig fråvær eller om du også ønskjer å søkje om utsett eksamen.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har eigne reglar for oppmelding til utsett eksamen.

2. Sørg for dokumentasjon

Gyldig dokumentasjon er legeattest, stadfesting av fødsel/termin eller tilsvarande.

Legeattestar må ha underskrift og stempel frå legen for å vere gyldig. Det må gå klart fram av attesten at du var sjuk på eksamensdagen.

3. Lever eller send søknaden til fakultetet

Søknadsskjemaet med dokumentasjon kan leverast eller sendast i posten til studentinfosenteret på fakultetet ditt.

Fristen er tre dagar etter eksamen. Dersom fristen går ut på ein helgedag, blir den forlenga til neste virkedag.

Ved alvorleg sjukdom kan fakultetet gi dispensasjon frå fristen dersom det vert dokumentert at du ikkje kunne søkje innan fristen.

Ved heimeeksamen eller innleveringar

1. Gi beskjed til ditt kontaktpunkt

Du finn kontaktinformasjon på kvar emneside.

2. Sørg for dokumentasjon

Gyldig dokumentasjon er legeattest, stadfesting av fødsel/termin eller tilsvarande.

Legeattestar må ha underskrift og stempel frå legen for å vere gyldig. Det må gå klart fram av attesten at du var sjuk på eksamensdagen.

3. Lever eller send dokumentasjonen til ditt kontaktpunkt

Dokumentasjonen kan leverast eller sendast i posten til ditt kontaktpunkt.

Fristen er tre dagar etter eksamen. Dersom fristen går ut på ein helgedag, blir den forlenga til neste virkedag.

Ved alvorleg sjukdom kan fakultetet gi dispensasjon frå fristen dersom det vert dokumentert at du ikkje kunne søkje innan fristen.

Ved munnleg eksamen

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

Publisert 2. des. 2014 13:15 - Sist endret 14. des. 2016 15:01