English version of this page

Edvard Munch i Universitetets aula

Edvard Munchs 11 måleri i Universitetets aula i Oslo er den einaste utsmykkinga av målaren som framleis er i sin opprinnelege samanheng. Hovudbileta i Aulaen er Solen, Alma Mater og Historien.

Aulaen blei oppført til Universitetets 100-årsjubileum i 1911. Salen blei planlagt for kunstnerisk utsmykking, med store veggflater og overlys. Utsmykkinga av salen var ein vanskeleg prosess, som i kunsthistorien blir omtala som 'Aulastriden'. Først i 1914 fekk Edvard Munch (1863-1944) oppdraget, og i september 1916 var salen ferdig utsmykka. Munchs måleri i Universitetets aula er eit hovudverk innan norsk monumentalmåleri.

Musikk i Aulaen

Du kan også oppleve Munch-måleria, dersom du nyttar deg av konserttilbodet i Aulaen.

Bileta

Les om kvart enkelt bilete i samlinga

Interiørbilete frå Aulaen
Publisert 3. jan. 2013 15:34 - Sist endret 1. juli 2021 12:57