Spesialisering: Kognitiv lingvistikk

Kort om emnet

Kognitiv lingvistikk er ei samnemning for ei rekkje lingvistiske
teoriar som alle byggjer på desse hypotesane:
Hjernen er interaktiv og ikkje-modulær.
Språkleg kunnskap er eit særtilfelle av generell kunnskap.
Språklege strukturar kan forklårast med utgangspunkt i allmenn kognisjon.
Kognitiv lingvistikk fokuserer på tyding, sidan tyding er det språk handlar om.
Studiet av språk er i stor grad det same som studiet av kategoriar.
Kategoriar har i stor grad prototypisk struktur.
Språket har strukturar av tre slag: fonologiske, semantiske og
symbolske, der dei siste er kombinasjonar av fonologiske og semantiske strukturar.
Leksikon, morfologi, og syntaks utgjør eit kontinuum av symbolske strukturar.
Symbolske strukturar i alle storleikar – morfem, ord, frasar, setningar osb. –
er bundne i hop i eit sterkt redundant maksimalistisk mentalt nettverk.
 

Hva lærer du?

Som student på eit slikt fordjupingsemne får du til dels ei innføring
i ei generell teoretisk ramme som utgjer ein aktuell tilnærmingsmåte
til lingvistisk forsking, til dels ei nærmare innføring i aktuelle
problemstillingar innanfor eit lingvistisk forskingsfelt. Ved sida av
å vere med på å gje deg eit teoretisk fundament for språkvitskapleg
analyse skal kurset bidra til at du lærer å bruke dei teoretiske
omgrepa i arbeid med eigne problemstellingar i masteroppgåva.

Publisert 28. mai 2010 13:03 - Sist endret 3. juni 2010 09:04