Tema H23

Lyrikk – livet, kjærleiken og hatet

Kort om emnet

Kva kjenneteiknar lyrikk som sjanger? Mange vil seia at det typiske diktet er skrive av ein diktar i kjærleikssorg. Det er diktar-eget som gjennom diktet uttrykkjer sorg og melankoli – altså tunge kjensler. Difor har det òg heitt om dikting at det handlar om «havet, døden og kjærleiken». Men ser vi på poesihistoria, ser vi at dikt har hatt ulike kjensler i sentrum: sjalusi, hat og anger. På dette kurset vil vi lesa lyrikk frå alle tidsperiodar, der ulike kjensler står i sentrum, frå norrøn tid, renessanse og romantikk, fram til i dag. Vi vil òg undersøkje kva ideal som har styrt kjensleuttrykka – frå sjølvkontroll og stoisisme til grenselaus sorg og svartromantikk. Men vi nærmar oss ikkje poesien gjennom tung teori, men undersøkjer fagterminologi gradvis under lesinga av dikta. Dette kurset vil såleis òg vise at undervisning i den korte sjangeren lyrikk i skulen er spennande og lærerikt.

 

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

- Analysere dikt i lys av retoriske virkemiddel, sjangerteori, litteraturhistorie og/eller andre større kulturelle samanhengar.

- Greie ut om særdrag og den historiske utviklinga for nordisk og internasjonal lyrikk.

- Analysere dikt i lys av emosjonshistoriske idear, frå norrøn tid, gjennom renessanse og romantikk fram til i dag.

- Undervise dikt i ulike former og frå ulike tidsperiodar i klasserommet.

Av Ronny Spaans
Publisert 14. apr. 2023 08:25 - Sist endret 14. apr. 2023 08:25