Dialektane er i stadig endring, og innan dialektologien blir endringane gjerne forklarte gjennom eksterne forhald som standardisering og regionalisering i tillegg til generelle interne endringsprosessar.
Gjennom kurset skal vi sjå på teori knytt til dialektendring generelt og til usemje om kva som er drivkreftene bak endringane i Noreg. Med utgangspunkt i teori og diskusjon, og ikkje minst heilt nye masteroppgåver om ulike norske dialektar, skal studentane sjølv få skrive semesteroppgåve om temaet.