- Fyll ut nettskjema
- Fyll ut og send inn søknadsskjemaet nederst på sida.
- Registrer krav i BetalMeg
- Når søknaden blir godkjend, opprettar du eit krav til oss i tenesta BetalMeg.
Kven kan søkje?
Du kan søkje om å få semesteravgifta refundert dersom du har:
- betalt for mykje til UiO
- betalt semesteravgifta til ein annan samskipnad i tillegg til SiO (UiO)
- betalt semesteravgifta og likevel ikkje skal studere ved UiO dette semesteret. (Da må du sjølv sjå til at eventuelle eksamensmeldingar er trukke, og melde frå om at du har slutta på studieprogrammet eller fått innvilga permisjon.)
UiO refunderer ikkje SAIH-tiarane. Ønskjer du desse refundert, sjå SAIH si refusjonsside.
Semesteravgifta kan ikkje overførast frå eit semester til eit anna.
Søknadsfrist
For punkt 1 og 2: Du kan levere søknad når som helst.
For punkt 3:
- 1. september for haustsemester
- 1. februar for vårsemester
Behandlingstid og utbetaling
Når søknaden er handsama og godkjend, opprettar vi brukar til deg i BetalMeg (DFØ sitt utbetalingssystem) og sender deg instruksjonar på e-post om korleis du loggar inn for å fullføre kravet.
Etter at vi har innvilga søknaden og sendt han til utbetaling, kan det ta opp til tre-fire veker før pengane blir overførte.
Skjema for søknad om refusjon av semesteravgifta
Bokmål
Nynorsk
Spørsmål?
Send en e-post til studentinfo@admin.uio.no