Helseinnovasjon på programmet under offisielt besøk i Canada

UiO:Livsvitenskap vil lære av stadar der næringsliv og akademia jobbar tett for å få betre forsking og meir innovasjon. Administrativ leiar var med Oslo Medtech i næringsdelegasjonen som følgde kronprinsparet til Canada nyleg. 3D-vising av det planlagde livsvitskapsbygget var noko av det dei fekk sjå.

Til venstre: Kronprinsesse Mette-Marit blir rettleia av administrativ leiar i UiO:Livsvitenskap, Morten Egeberg, på virtuell 3D-omvising i det planlagde livsvitskapsbygget ved UiO (Foto: Det kongelege hoff). Til høgre: Under besøket signerte direktør i helseteknologiklynga Oslo Medtech, Kathrine Myhre, ei samarbeidsavtale med det kanadiske helseforskingsinstituttet MaRS i Toronto. Avtala skal gjere det lettare for norske helsebedrifter å få innpass i Canada. Kronprinsparet og næringsminister Monica Mæland var til stades under signeringa. Les meir på innovasjonnorge.no (Foto: MaRS).


Livsvitskapsbygget ved UiO
I bygget på 66 700 m2 skal det vere omfattande tverrfagleg samarbeid – konvergens –  for at forskarane skal kunne løyse store samfunnsutfordringar innan helse og miljø. Tettare samarbeid med helseføretak, kommunar og næringsliv skal gi høgare kvalitet og relevans i forsking og utdanning og betre utnytting av innovasjonspotensialet i forskinga. Bygget skal bidra til verdiskaping og skal sikre Noreg internasjonal konkurransekraft innan livsvitskap. Det er planlagt å stå ferdig i 2023. Statsbygg er byggherre.
Les meir om bygget.

Innovasjon Noreg har valt helse og velferd som eitt av seks område for framtidig næringsvekst. Under det offisielle besøket i Canada førre veka la Innovasjon Noreg til rette for at norsk helseinnovasjon vart vist fram for kanadiske aktørar.

Administrativ leiar i UiO:Livsvitenskap, Morten Egeberg, som har ansvar for innovasjonsarbeidet i satsinga, vart med helseteknologiklynga Oslo Medtech for å bli betre kjent med denne delen UiO sitt økosystem for innovasjon, og for å lære av kanadiske organisasjonar. Han fekk òg presentere satsinga, blant anna for kronprinsesse Mette-Marit som fekk ei virtuell 3D-omvising i det planlagde livsvitskapsbygget.

Her fortel Egeberg kva han meiner UiO:Livsvitenskap og Oslo kan lære av Toronto:

I arbeidet med å auke innovasjonsgraden ved UiO er det viktig for UiO:Livsvitenskap å lære av internasjonale aktørar som har kome langt i å bygge ein kultur der næringsliv og akademia jobbar tett på kvarandre og på den måten oppnår synergieffektar som resulterer i framifrå forsking og høg grad av innovasjon.

I Toronto er det eit stort økosystem der akademiske institusjonar, sjukehus, næringsklynger og innovasjonsknutepunkt er lokalisert veldig tett. I tillegg ligg sentrale departement og finansdistriktet i same område. Ved å få alle desse ulike aktørane til å spele saman, har ein i Toronto skapt eit dynamisk miljø som genererer enorme verdiar innan helse.

Det var særleg interessant å sjå korleis Biomedical Zone, som er eit samarbeid mellom eit av sjukehusa og eit av universiteta, allereie etter eitt års drift hadde klart å etablere ein god kultur for innovasjon og tverrfagleg samarbeid. På same måte er helseforskingsinstituttet MaRS etter 11 års drift blitt verdas største «downtown» innovasjonsknutepunkt på 140 000 m2 med 200 organisasjonar og ca. 6000 tilsette.

UiO:Livsvitenskap kan ikkje kopiere direkte det som blir gjort av innovasjonsarbeid på desse stadane. Det er derimot ulike element vi kan ta med oss vidare for å skape ein kultur og eit system der framifrå forsking dannar grunnlaget for ny næringsverksemd, og der akademia og næringslivet gjer kvarandre betre.

Av Norunn K. Torheim
Publisert 18. nov. 2016 12:34 - Sist endra 25. juli 2019 10:02