print logo

Trekk frå eksamen

Du kan trekkje deg frå eksamen innan visse fristar for kvar eksamen. Dersom du trekkjer deg etter fristen eller under eksamen, har du brukt eit eksamensforsøk. 

Før eksamen

Dersom du ønskjer å trekkje deg før eksamen, gjer du dette i StudentWeb.

Avhengig av eksamenstype, er fristen for å trekkje seg frå eksamen 2 veker før:

  • den aktuelle eksamensdatoen
  • den første eksamensdagen ved fleire eksamensdagar
  • fristen for innlevering av semesteroppgåve eller tilsvarande
  • datoen for utlevering av heimeeksamensoppgåve eller tilsvarande
  • fristen for innlevering av siste oppgåve ved mappelevering eller anna form for vurdering gjennom undervisningsperioden

Trekk etter fristen vil gjelde som eit eksamensforsøk.

Under eksamen

Dersom du ønskjer å trekkje deg under eksamen, får du informasjon i eksamenslokalet om korleis du skal gjere dette. Det gjeld eigne reglar for sjukdom ved eksamen.

Trekk under eksamen vil gjelde som eit eksamensforsøk.

Publisert 20. mai. 2010 22:38 - Sist endra 16. apr. 2012 14:00