English version of this page

Karakterutskrift

Du kan dele resultata dine digitalt via Vitnemålsportalen eller bestille digital karakterutskrift i Studentweb. I nokre tilfelle kan du også bestille karakterutskrift på papir. 

Dele resultat digitalt via Vitnemålsportalen

  • Vitnemålsportalen er ei sikker offentleg teneste der du sjølv kan dele resultata dine på emne og gradar digitalt med kven du vil, og så ofte du vil. Du kan til ein viss grad velje å utelate nokre av emna du har tatt.
  • Dersom arbeidsgivarar, studiestader i utlandet eller andre treng resultata dine frå Universitetet i Oslo (UiO), kan du dele dei frå Vitnemålsportalen.
  • Er du framleis student, kan du logge på med brukarnamnet og passordet ditt ved UiO (Feide).
  • Elles må du logge på med ID-porten (MinID, BankID osv.)

Logg på Vitnemålsportalen

Meir informasjon om Vitnemålsportalen

Les om digital signatur og verifisering av den

Bestille digital karakterutskrift i Studentweb

  • Nyttar du nettlesaren Internet explorer? Den kan fungere dårleg for digitale karakterutskriftar - bruk ein annan nettlesar.
  • Du kan bestille karakterutskrift med digital signatur i Studentweb: Gå til menyvalget Bestillinger og vel lamellen Digital karakterutskrift og trykk på knappen 'Bestill'.
  • Du finn karakterutskrifta under Dokument i Studentweb etter omlag 10 minutt.
  • Den digitale signaturen på ein digital karakterutskrift er like gyldig som stempel og underskrift på ein karakterutskrift på papir.
  • Skal mottakar sjekke om den digitale signaturen gjeld og at ingen har endra på innhaldet, rår vi til å nytte Adobe Acrobat Reader. Da ligg eit "band" på blå bakgrunn med informasjon om signeringen øvst i skjermbildet. Det er berre mogleg å verifisere PDF-en i sin opprinnelige elektroniske form. Skriv du ut dokumentet, er det ikke lenger mogleg å verifisere signaturen. Du kan lese meir om verifisering av signaturen på nettsida til Felles studentsystem.
  • Karakterutskrifta er normalt gyldig i nokre år, eller så lenge sertifikatet er gyldig.
  • Du kan få karakterutskrifta på bokmål, nynorsk eller engelsk.
  • Karakterutskrifta viser alle emna du har bestått ved UiO, også emne med 0 studiepoeng.
  • Du avgjer sjølv korleis du deler karakterutskrifta med andre, men merk at den inneheld fødselsnummeret ditt.

Logg på Studentweb

  • Er du student, kan du logge på med brukarnamnet og passordet ditt ved UiO (Feide).
  • Elles må du logge på med ID-porten (MinID, BankID osv.)

Hente karakterutskrift på infosenteret

Bestill karakterutskrift på papir via nettskjema: bokmål/ nynorsk

Få karakterutskrift til tredjepart

Bestill karakterutskrift på papir via nettskjema: bokmål/ nynorsk

Har du ikkje norsk fødselsnummer?

Bestill karakterutskrift via nettskjema: bokmål/ nynorsk

Kva tyder karakterane?

Sjå karaktersystemet

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet.

Publisert 6. feb. 2017 09:44 - Sist endra 20. mars 2024 16:06