English version of this page

Eigenerklæring ved innlevering av masteroppgåve

Når du leverer inn masteroppgåva di i Studentweb, må du stadfeste at du er kjend med Universitetet i Oslo sine reglar om sitering og kjeldetilvising.

For å levere oppgåva di i Studentweb, må du stadfeste at du har skrive oppgåva i samsvar med dei følgjande reglane om sitering og kjeldetilvising:

  1. Oppgåva / dine delar av oppgåva gjev ikkje att eige tidlegare arbeid utan å føre opp ditt eige arbeid som kjelde.
  2. Oppgåva /dine delar av oppgåva gjev ikkje att andre sitt arbeid utan å føre opp kjelda (til dømes pensumlitteratur, faglitteratur, artiklar, nettsider, medstudentar sine oppgåver og notat etc.).
  3. I oppgåva / dine delar av oppgåva har du brukt sitering og kjeldetilvising på rett måte.
  4. I oppgåva / dine delar av oppgåva har du ført opp alle referansar og kjelder som du har brukt i litteraturlista.

Du skal følgje reglane anten du har skrive oppgåva åleine eller du har skrive oppgåva saman med andre.

Brot på reglane kan bli sett på som forsøk på fusk og kan medføre annullering av eksamen og utestenging fra universitet og høgskular i Noreg.

Publisert 27. nov. 2014 13:20 - Sist endret 27. okt. 2017 13:13